Bakgrunn for ordninga
Kultur- og likestillingsdepartementet har i 2024 komme med eit eingongstilskot til musikkorganisasjoner via Norsk Musikkråd, til inkludering i musikkaktiviteter for barn og unge. Målet for midlane er auka deltaking i musikkorganisasjonane. Tilskotet er ein ekstrainnsats for å gje alle barn og unge like moglegheiter til å delta, uavhengig av kven dei er, kvar dei bur, eller kva foreldra tener.
Tre stønadsordningar
I sommar lyste FolkOrg ut tre stønadsordningar:
- Kompensasjon for deltakaravgift og evt. reiseutgifter/overnattingsutgifter for juniorar på Landskappleiken
- Kompensasjon for deltakaravgift og evt. reiseutgifter/overnattingsutgifter for juniorar på Landsfestivalen i gammaldansmusikk
- Stønad til senking av terskel for deltaking barn og unge
I søknadsrunden kom det inn 16 søknadar frå lokallag om kompensasjon for deltakaravgift for juniorar på Landskappleiken, 5 søknadar frå lokallag om kompensasjon for deltakaravgift for juniorar på Landsfestivalen, og 17 søknadar om stønad til senking av terskel for deltaking barn og unge.
Det er særs gledeleg at alle søkjarane fekk innvilga søknaden!
HER KAN DU SJÅ KVEN SOM FEKK TILDELT KOMPENSASJON OG STØNAD (pdf).
Foto: Runhild Heggem