Lokallag, områdelag, arrangørmedlemmar og aksjeselskap søkte i august 2024 om momskompensasjon med grunnlag i årsrekneskapen 2023 gjennom FolkOrg.

17. desember 2024 kom fordelinga av momskompensasjon fra Lotteri- og stiftelsestilsynet. FolkOrg sine områdelag, lokallag, arrangørmedlemmar og eitt aksjeselskap fekk til saman kr. 1 866 189,-, fordelt på 68 lag og selskap. FolkOrg, som sentralledd, fekk kr. 1 001 471,-.

Frist for å søkje momskompensasjon er i august kvart år. Neste søknadsfrist for momskompensasjon er 1. august 2025.

VIKTIG!
Vi ser at det framleis er lag som ikkje er registrert i Frivilligregisteret. Vi gjer merksam på at det i ny forskrift av 2019 er eit krav om at alle mottakarar, også underledd og aksjeselskap, skal vere registrert i Frivillighetsregisteret.

Her kan de sjå fordelinga av momskompensasjon for rekneskapsåret 2023. Pengane vert utbetalt ved utgangen av 2024.

Foto: FolkOrg/Isa Holmgren