FolkOrg deler ut prisen FolkOrgs eldsjelpris, til ros og påskjøning.
Med denne prisen ynskjer vi å setje fokus på alt det gode arbeidet som vert lagt ned i små og store lag og miljø landet over. Prisen skal gå til ein person som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement og sin innstats for folkemusikken og/eller folkedansen i Noreg, og som i stor grad har stødd opp med friviljug arbeid.
FolkOrg ynskjer å gje denne prisen til ein person som med sine positive haldningar, sin inkluderande veremåte og ekstraordinære innsats er med på å skapa eit godt og trygt miljø for folkemusikk- og folkedansinteresserte i alle aldrar.
Dersom du kjenner ein person som passar til denne beskrivinga, kan du nominere vedkommande som kandidat til å motta FolkOrgs eldsjelpris for 2025. Fyll ut skjemaet nedst på sida.
Frist for å sende inn nominasjon er 28.februar 2025.
Prisen vert delt ut på FolkOrg sitt Landsmøte 25. – 27. april.
Styret i FolkOrg avgjer kven som får eldsjelprisen på bakgrunn av innsendte nominasjonar. Det er open nominasjon kor alle kan sende inn sine forslag.
Prisen har vorte delt ut ei gong tidlegare, då var det Harald Omnes frå Nes Nasjonale dansarring som vann. Styret i FolkOrg har no vedteke å dele ut prisen kvart andre år på Landsmøtet til FolkOrg.
Nestleiar i FolkOrg, Camilla Granlien, Harald Omnes og styreleiar Hilde Reitan under utdelinga av Eldsjelprisen 2021. Foto: Knut Utler.
Les meir om Landsmøtet her: Landsmøtet i FolkOrg 2025