FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans har som sitt føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet. Vi har i dag om lag 4500 enkeltmedlemmer, og om lag 160 lokale og regionale spel- og danselag.

FolkOrg søker ein engasjert og utviklingsorientert rådgjevar innan kommunikasjon i inntil 100 % fast stilling. Rådgjevaren får ansvaret for FolkOrgs kommunikasjonsarbeid, profilering og pressearbeid. Arbeidet vil gå føre seg i tett samarbeid med dei andre tilsette i organisasjonen.

Ein liten del av stillinga (ca 20%) vil vere som prosjektmedarbeider knytt til for eksempel Folkelarm, seminar, prosjekt, gjennomføring av landsmøte, osv, samt ha ansvar for koordinering og rådgjeving knytt til FolkOrgs arrangørnettverk.

Døme på oppgåver i stillinga:

  • Ansvar for FolkOrg sine nettsider og sosiale plattformer.
  • Planlegging, koordinering og gjennomføring av profilering av FolkOrg gjennom presse- og marknadsføringsarbeid for arrangement, prosjekt og ulikt arbeid FolkOrg gjer.
  • Utforming og utsending av pressemeldingar, nyhendebrev, årsmelding m.m.
  • Ulike kommunikasjonsfaglege oppgåver og medlemskontakt.
  • Produksjon av tekst og bilete, samt grafisk formgjeving av ulikt slag.
  • Ulike arbeidsoppgåver, planleggings- og koordineringsarbeid knytt til ulike prosjekt som t.d. Folkelarm og landsmøte.
  • Koordinering og rådgjeving knytt til arrangørar på folkemusikkfeltet.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med kommunikasjons- og pressearbeid.
  • Ein god penn og eit godt språk – både på nynorsk og bokmål.
  • Evne til informasjonsstrategisk tenking og sjølvstendig arbeid.
  • Kompetanse og erfaring frå publisering og sosiale medium.
  • Erfaring med foto- og videoproduksjon og tilknytt programvare er ein fordel.
  • Kompetanse på grafisk formgjeving og t.d. bruk av Canva, inDesign osb.
  • Kjennskap til musikk- og/eller kulturfeltet, og helst kjennskap til folkemusikk- og folkedansfeltet.
  • Arrangørkompetanse/arrangørerfaring.
  • Høgare utdanning innan informasjon/kommunikasjon eller liknande. Relevant erfaring kan erstatte formell utdanning.

Personlege eigenskapar:

  • Du er kreativ, god formidlar og skriv godt og raskt.
  • Du har gode kontaktskapande eigenskapar samt god evne og vilje til samarbeid.
  • Du har gode planleggings- og gjennomføringsevner.
  • Du er sjølvgåande, initiativrik og strukturert.
  • Du er positiv, konstruktiv, fleksibel og ser gode løysingar.

Anna info:

Arbeidsstad er på FolkOrg sitt kontor i Møllergata 39 i Oslo.

Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen sin pensjonsavtale.

Næraste overordna er dagleg leiar. Ein må rekne med noko ugunstig arbeidstid knytt til somme arrangement iløpet av året, t.d. landsmøte, Folkelarm, Landskappleiken og Landsfestivalen.

I tråd med utvikling i organisasjon og administrasjon kan det kome justeringar i ansvarsområdet for stillinga.

Dato for oppstart:

Så fort som råd.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi, på telefon 90969383, eller e-post: aslak@folkorg.no.

 

For å søke stillinga går du inn her: 

https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=383249366