FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom mellom anna å dele ut prisen for ”Årets lokallag”. Prisen, som er på 20 000 kroner, vart i kveld delt ut til Ål spel- og dansarlag i samband med finalespelet på Landskappleiken 2022 på Rjukan.
Ål spel- og dansarlag vart skipa i 1968, og bakgrunnen for skipinga var den store interessa for folkemusikk og folkedans som fanst i bygda, og dei sterke plasseringane spelemenn og dansarar i bygda hadde tatt på kappleikar gjennom mange år. Laget var av dei fyrste i landet som femna om både spelemenn og dansarar, og har kunne vise til både toppar og breidde på begge felta.
Laget har dei siste åra hatt mykje aktivitet og jobba for å nå ut til eit breitt publikum og for å skape eit inkluderande miljø.
Dei arrangerer kurs i spel og dans, jamlege kafekonsertar, spelkurs, konsertar, meisterklassar og dei samarbeider med fleire lokale aktørar i Ål og Hallingdal, som til dømes Folkemusikkveka, Hallingdal Låtelag, Hugnad UL, Ål Kulturhus og Sprang – landsdelsscene for dans. I 2021 starta dei opp med nybyrjarkurs i torader, noko som har vore svært populært og som har resultert i det nyoppstarta Hallingdal toraderlag. Laget har gratis utlån av instrument til kulturskuleelevar som spelar hardingfele, langeleik, seljefløyte og lur.
Ål spel- og dansarlag har fleire aktive kappleiksdeltakarar og laget har lang tradisjon med å delta i lagdans på Landskappleiken, der dei vann 1. plass seinast i 2017. Også under årets Landskappleik på Rjukan har det vore mange deltakarar frå laget innan både spel, dans og song.
Det med stor glede vi kan gratulere Ål spel- og dansarlag med prisen for Årets lokallag 2022!
Det er styret i FolkOrg som avgjer kven som blir Årets lokallag på bakgrunn av innsendte nominasjonar. Dei nominerte laga i 2022 har gjennom mange år gjort solid arbeid i laget gjennom rekrutteringsarbeid, arrangement og godt frivillig arbeid.
Dei nominerte til prisen for Årets lokallag 2022 i FolkOrg har vore Bergen Juniorspelemannslag (i Bergen UL Ervingen), Spelemannslaget Havella og Ål spel- og dansarlag.
Prisen for Årets lokallag vart oppretta i 2012, og tidlegare vinnarar av prisen for årets lokallag er:
- Seljord Spelemannslag for sitt arbeid med rekruttering for folkemusikk og –dans. (2012)
- Eiker Spelemannslag for sitt arbeid med revitalisering av lokale folkemusikktradisjoner. (2013)
- Klæbu torader- og danselag for sitt arbeid med å skape ein populær og stabil arena for dansen i møte med folkemusikken lokalt. (2014)
- Gjøvik spelemannslag, mellom anna for formidling av folkemusikk på eldre folkemusikkinstrument. (2015)
- Tinn spelemannslag for sitt rekrutteringsarbeid. (2016)
- Vågå spel- og dansarlag som sterke bidragsytarar til kulturlivet i sin region. (2017)
- Hardanger spelemannslag for framifrå arbeid for å halde tradisjonane i hevd. (2018)
- Trysil-Knut Dans og spelmannslag (2019)
- Setesdal Spelemannslag (2020)
- Bærum Spellemannslag (2021)