Gode FolkOrg-medlemar
Noko av FolkOrg sitt hovudansvar er å arbeide inn mot myndigheitene, med mål om at folkedansen og folkemusikken skal ha - og få - best mogleg kår. Ein av våre årlege oppgåver er å møte i Familie- og kulturkomiteen, og prøve å overtyde dei om å gjere det dei kan for sikre at statsbudsjettet blir så bra som mogleg for vårt felt. Forslag til statsbudsjett for 2026 kom som ein liten kalddusj. Ikkje at FolkOrg forventa stor auke, men vi såg ikkje alle kutta på kulturfeltet kome. Særleg regionale kulturfond er ei satsing vi meiner vil vere særs nyttig for vårt felt, og vi er særs lei oss for at den potten nærast er halvert. Denne saka er av dei punkta vi skal ta opp i høring med familie- og kulturkomiteen . Andre poeng vi skal ta opp kan du lese om her.
Folkelarm er nærmar seg. I tillegg til Landskappleiken og Landsfestivalen er Folkelarm av dei store arrangementa våre. Folkelarm er fleire ting på ein gong. Fyrst og fremst er det ei herleg helg med god stemning, god dans og god musikk! Folkelarm er ein av årets viktigaste møtepunkt for arrangørar, artistar, bransjefolk, politikarar, organisasjonsfolk og andre fagfolk. Det er også ein arena for dei som driv med opplæring og rekrutteringsarbeid i lokallaga rundt om. Og det er sjølvsagt ein arena for å kunne vise seg og sine prosjekt fram. I år er det 26 artistar som blir vist fram i ulike showcaser. Nytt av året er at vi har gjennomprogrammert dansespelet. Det blir kvalitetsdansespel alle kveldar i to salar:) Statssekretær Trude Storheim kjem for å opne festivalen, og statsråden sjølv, Lubna Jaffery, kjem innom oss på fredagen.
Fullt program finn de på Folkelarm sine sider. Velkomen skal de vere! Alle FolkOrg-medlemar får sjølvsagt god rabatt på billettar til Folkelarm.
Dei neste vekene skal FolkOrg over på nye nettsider. Så det kan hende det blir noko hakking og rusk i maskineriet. Så vi beklager på forhand om plutseleg noko lenker ikkje fungerer, eller det er feil bildetekst osv. Vi skal rydde og korrigere som best vi kan.
Ellers vil vi berre ynskje velkome inn nye medlemar. Vi har runda 4800 medlemar nå, og stadig blir vi fleire. Det er veldig bra! Jo fleire vi har med oss, jo sterkare stillar vi i diskusjonane og argumentasjonane inn mot myndigheitene. Og får du denne mailen, og framleis ikkje har betalt, så håpar eg - og lokallaget ditt - at du blir med vidare!
Helsing Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg
FOLKELARMPRISEN
Folkelarm er jo ei stor feiring av folkemusikken som heilskap! Folkelarmprisen setter folkedansen og folkemusikken på agendaen i media, og er ein gyllen moglegheit til å få fokus på alt det bra arbeidet som skjer rundt om. Det er 10 folkelarmprisar som skal delast ut på staseleg vis på Folkelarmprisen 2025 laurdag kl 17.
I år er det Sigrid Moldestad og Alexander Aga Røynstrond som skal lose oss gjennom denne gallakvelden. Les om dei nominerte her.
JUBILANTER OG PRISAR
Vi gratulerer Brage Planke med tildeling av Drømmestipendet. Brage er aktiv i folkedansmiljøet i Oslo, og har eitt bein hallingdansen og eitt i breakdansmiljøet.
– Det å få en bekreftelse på at det jeg brenner for og drømmer om å oppnå, er kult og verdt å bygge videre på, har vært utrolig viktig. Så Drømmestipendet var ikke bare en flott anerkjennelse. Tildelinga boosta også selvtilliten og dermed motivasjonen og troa på danseprosjektet mitt, seier Brage til Drømmestipendet.no. Les meir om Brage og Drømmestipendet HER.

Vi har fleire lokallag som er og har vore jubilantar, og det er veldig hyggeleg at de medlemar sendar inn tips og invitasjonar. Vi gratulerer Akwabaa som feira 20 år nå i oktober, og Hyen spelmannslag som har jubilert som 55-åring. Brekken spelmannslag hadde stor 70årsfeiring i Vauldalen fyrst i oktober. Konsertarrangøren TrondheimFOLK har nettopp feira 10 år.
Vi gratulerer også det nyoppstarta Ålesund Folk Festival og konsertserien Folk i Ålesund som nye aktørar på konsert- og festivalfeltet.
Og vi gratulerer Øyvind Vabø med Medaasprisen 2025, og til Sigurd Heide med Hilmarprisen 2025, og til Berit Opheim med Osaprisen 2025.

Om du har tips om andre jubilantar, tips oss gjerne.
"LEIAR I LAGET"
Under Folkelarm i november vert det lansering av eit kompetansehefte der erfaringane og opplegga som Kristoffer Kleiveland og Vegar Vårdal har utvikla gjennom arbeide med FolkleiarUng. Dette vert eit ressurshefte for pedagogar og musikalske leiarar. Vi vonar det kan vere eit godt bidrag til arbeidet i både kulturskular, for instruktørar, og for arbeidet for musikalske leiarar i lokallaga.
FolkleiarUng er for folkedansarar og folkemusikarar mellom 15 og 25 år som ynskjer å lære meir om det å vere leiar og pedagog innan folkemusikk og folkedans. Mellom samlingshelgene får kvar deltakar oppfølgingsbesøk i sitt lag av ein av instruktørane. Instruktørar i prosjektet er Vegar Vårdal, Kristoffer Kleiveland, Ina Maria Cyrus og Anna Gjendem. Den fyrste samlinga var på Voss i helga, og viser at det er mykje kompetanse og engasjement hjå dei unge i miljøet vårt: Heile 18 unge folkemusikarar og dansarar er med på årets FolkleiarUng.
Heile FolkleiarUng-satsinga er støtta av Dextra Musica og Sparebankstiftelsen DNB.
TIPS TIL LAGA
Lag i FolkOrg kan søkje midlar frå Norsk Musikkråd si ordning Rekruttering og deltakelse - korps og orkester. Vi oppfordrar alle laga til å søke på denne ordninga! Midlane kan brukast til blant anna aktivitetar, egenandeler, kontigenter, naudsynt utstyr (som instrument) og samarbeidsprosjekt i lokalsamfunnet. For meir informasjon om ordninga, sjå nettartikkel på Norsk Musikkråd sine nettsider. Frist for ordninga er 3. november kl. 17.00, send inn søknad gjennom Norsk Musikkråd sin søknadsportal her.
Vi vil også slå eit slag for den nye ordninga til Kulturrom, Gjenklang. Treng de oppgradering av eit øverom, eller har de eit gamalt hus eller bygg som kan omgjerast til eit samlingslokale, øvingsrom eller liknande. Da kan de søke Gjenklang. Fristen er 1. desember. Les meir om ordninga her.
FolkOrg fekk rekordmange søknadar til Frifond denne hausten. Vi hadde også rekordstor pott! Vi vonar desse midlane kjem godt med. Og vi meiner også at Frifond-ordninga er eit godt insentiv til både å drive rekrutteringsarbeid, men også å faktisk melde inn dei unge som er med på aktivitet. Eit medlemsskap i FolkOrg kostar 100 kr for dei under 18 år, og med Frifond-ordninga så får ein i 2026 attende over 625 kr i driftstilskot til laget per tellande medlem (medlem under 26 år). Sjekk her kva for lag som fekk tilskot.
OPPDATER ADRESSA DI!
Vi treng at du som medlem oppdaterer adressa di! Vi hadde ei kampanje i september der alle vaksenmedlemane i FolkOrg skulle få eit eksemplar av bladet Folkemusikk. Vi har fått veldig mange i retur! Så om du er vaksenmedlem og ikkje fått bladet…? Da har du ikkje oppdatert adresse i vårt system.
I GNIST-appen og på nettsida www.gnist.styreweb.com ser du medlemsbeviset ditt, og du finn sjølvsagt medlemsnummeret ditt her. Det er også her du kan oppdatere epostadresse, postadresse osv. Så vi håpar verkeleg du kan gjere dette: Altså, fyrst last ned gnistappen. Gå på meny-knappen oppe til venstre inne i appen (den med tre streker). Så trykker du på “Profil”, deretter oppdaterer du til korrekt informasjon, både adresse og epostadresse, telefon osv.
Etterpå kan du ha godt samvet og kan feire med å danse ein reinlender.

![Medlemsbrev veke 44 2025[1]](https://img4.custompublish.com/getfile.php/5463239.3034.bwkukbkt7ibu7t/1100x0/6731667_5463239.jpg)