Kva er Introfolk?
INTROFOLK er eit mentor og lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar. Introfolk er ein arena der unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få erfaring i å formidle folkemusikk på eit høgt nivå. Vidare er det eit mål å vise fram breidda og nivået hos unge norske og samiske folkemusikarar, og bidra til å fremje karrieren deira.

Semifinaleun til årets Introfolk var under Osafestivalen, og det var seks utøvarar med i programmet: Amalie Kinsarvik Tvilde / Martin Steinum Brun / Åsmund Farstad / Vera Sonne / Trygve Liahagen / Andrea Søgnen. Finalen var torsag under opninga av Folkelarm 2024. De tre finalistene i Introfolk var Amalie Kinsarvik Tvilde / Martin Steinum Brun / Åsmund Farstad. 

Dette seier finalejuryen for IntroFolk 2024

Kjære alle tre - Åsmund, Amalie og Martin. Gratulerer med flotte gjennomførte konsertar, og takk for spenstige, artige og gripande opplevingar – alle tre! De held alle eit utruleg høgt teknisk og musikalsk nivå. De viser stor mognad, og tek dristige musikalske val som de landar på ein imponerande og overbevisande måte. Ta til dykk den varme applausen som publikum ga dykk etter konsertane. Vel fortent!
 
Då vi i juryen sat og prata etter finala var vi einige om at alle er verdige vinnarar, og vi kjende på at vi er heldige som får lov til å sitje og vurdere tre kandidatar som alle har solokonsept som er klare for konsertscener, og som alle har potensiale for å vidareutvikle eigne musikalske idear.
 
Så er det slik at vi må velje ut ein vinnar. Vinnaren av IntroFolk 2024 ga publikum ein variert konsert, der formidlinga held eit ekstremt høgt nivå. Utøvaren eig rommet og tek med publikum inn i si musikalske verd. Vinnaren tek originale og spennande musikalske valg, og har eit truverdig og uaffektert nærvær på scena. Publikum fekk ei oppleving både med humoristiske, rørande og gripande augneblikk.
 

Årets unge folkemusikkartist 2024 er Martin Steinum Brun.

 

Martin Steinum Brun. Foto: Anders Lillebo