Slik leverer du årsrapport for laget ditt i StyreWeb:

  • Logg inn i StyreWeb
  • Kontroller medlemsliste og styresamansetning - medlemmer og styret pr 31. desember foregående år må være registrert.
  • Gå inn på menyvalet på topplinja som heiter Sentralorganisasjon, vel så Årsrapport.
  • Kontroller opplysningane om årsmøte og styresamansetning.
  • Kontroller medlemslista. 
  • Fyll ut informasjon om Medlemsaktivitet.
  • Når de har gått gjennom heile årsrapporten, avsluttar de med Send årsrapport under Veiledning midt på sida.

 

 

 

 

 

 


For å opne årsrapporten i StyreWeb, må du trykke på det runde teiknet som pila peiker på.

 

Det er leiaren i laget som må levere årsrapporten, men andre styremedlemmar kan gå inn og klargjere informasjonen i rapporten.

Vi anbefaler å starte på årsrapporten så raskt som mogeleg etter at den er opna, slik at de har tid til å hente inn informasjon om dykk skulle oppdage at noko manglar.

Praktiske tips til utfylling av årsrapport

  • Hugs at det er årsmøtedato for 2024 som skal registrerast i årsrapporten.
  • Alle medlemmer og styremedlemmar må være registrert med adresse og fødselsdato, elles får dykk opp feilmelding.
  • Dobbeltsjekk at alle styremedlemmar er i listen før dykk leverer.
  • Alle styremedlemmer må være registrert med riktig rolle (styreleiar, kasserer osv.). Når dette er registrert riktig, kjem styret pr 31.12. det aktuelle året riktig fram i årsrapporten.

Kvifor treng FolkOrg denne informasjonen?

Det er viktig for FolkOrg sentralt å få desse rapportane om medlemslaga. Denne informasjonen skapar grunnlag for pengestøtta som FolkOrg fordeler vidare til medlemslaga og for driftsstøtta til organisasjonen.

 

Har du spørsmål kring årsrapporten - ta kontakt med Live i FolkOrg live@folkorg.no / 974 15 515.

Her kan du logge inn på StyreWeb (lenke).