Utnemnd av styret i FolkOrg
Det er styret i FolkOrg som vedtar om dei skal utnemne heidersmedlem det året og kven som eventuelt skal bli utnemnd etter framlegg frå medlemslag, enkeltmedlemmar, administrasjonen, eller styremedlemmar. Vedtektene til FolkOrg seier: Styret kan utnemne til heidersmedlem den som har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet.
Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, sa dette om dei to heidersmedlemmane under utnemninga: Vi har svært mange medlemmer i organisasjonen som har arbeidd særleg godt og lenge, og som fortener å bli utnemnt til heidersmedlem. Det er derfor alltid krevjande for styret å skulle peike ut kandidatar til den høgaste utmerkinga i organisasjonen vår som heidersmedlemskapen representerer.
Også i år har styret vald å utnemne to heidersmedlemmar, som båe har arbeidd godt og lengje for føremålet, om enn på svært ulike måtar; den eine som aktiv og anerkjent utøver, tradisjonsberar og organisasjonsmenneske, den andre som en høgt respektert instrumentmakar og læremeister.
Amund Bjørgen
Amund har vore aktiv i Lom spel- og dansarlag sidan han vart medlem 1955 og er framleis med i spelemannslaget. Utanom spelinga hadde Amund tillitsverv i mange år. Han var formann i til saman 26 år, vald fyrste gongen i 1968, og var leiar for Lom juniorspelemannslag i nokre år. Han har vore dommar fleire gongar på kappleikar og festivalar.
I 1954 deltok Amund på sin fyrste kappleik i Vågå, og i 1957 debuterte han på sin fyrste landskappleik i C-klassa. Det var starten på ei lang og stor kappleikkarriere. Han vann A-klassa sju gonger på Landskappleiken og er dermed den nålevande spelemannen på fele med flest sigrar. Han har også vunne over 20 distriktskappleikar og andre kappleikar.
Amund var med i Hans W. Brimis kvintett frå slutten av 1960-talet. Gruppa spelte inn om lag 250 leiker i 32 program i NRK i løpet av 10 år. Dei hadde mykje dansespeling rundt omkring, og hadde difor ei viktig rolle i interessebygginga for runddansmusikken.
Han hadde mange speloppdrag i nærområdet. Hans spelte ofte i kyrkja ved bryllaup, gravferder og ved vanlege messer. Amund og spelvennen gjennom eit langt liv, Bjørn Odde, spelte inn CD’n Slåttemusikk frå Lom, som dei fekk Spelemannsprisen for i 1993. Dei to fekk også kulturprisen i Lom kommune i 2019.
Amund Bjørgen har vore ein viktig spelemann og tradisjonsberar i Lom, og har vore ei stor inspirasjonskjelde for yngre utøvarar med sitt store slåttekunne og logne vesen.
Sigvald Rørlien
Sigvald Rørlien er ein av våre fremste hardingfelebyggjarar og har gjennom sitt lange virke bidrege til å utvikle og å halde instrumentmakartradisjonen i hevd. Han har vore aktiv som felemakar sidan 70-talet, og har gått i lære hjå Anders Aasen i Eidfjord. Sidan har han lært felemakarkunsten av mange andre, og har m.a. vore på studietur til felemakarmekka Cremona i Italia. Han har laga omkring 70 hardingfeler, og har hausta mange medaljar for instrumenta sine. I tillegg til å bygge nye hardingfeler, har han også omarbeidd og forbetra mange instrument.
Sigvald Rørlien er ein sjeldan kunstnar som ikkje berre tek vare på tradisjonen på framifrå vis gjennom stor fagleg tyngd, men evnar å vere utviklingsorientert og nysgjerrig. Slik er han med på å utvikle hardingfelemakarfaget, og ikkje berre konservere byggeprosessane.
I ein tiårs-periode var han tilsett ved Valdres folkemuseum som felemakar, saman med den kjende felemakaren Olav Viken. Frå 2014-2018 var Sigvald tilsett som felemakar i Kringsjå A/S, som er driftsselskapet til Ole Bull Akademiet, samstundes som han har hatt eigen verkstad på Voss.
Sigvald har vore dommar ei rekke gongar ved feleutstillingane som har vore arrangert av Landslaget for Spelemenn, seinare FolkOrg, i samband med Landskappleiken i ei årrekke, og han har også gjennom dette arbeidet påverka utviklinga av norsk hardingfelemakeri.
Han har gjennom pedagogisk verksemd lært opp ein ny generasjon hardingfelemakarar, og har gjennom dette arbeidet vore med på å redda, og vidareført denne unike kunnskapen til neste generasjon. Dette arbeidet er heilt uvurderleg for ettertida.
I 2020 fekk han kongens fortenestemedalje for sin innsats for norsk folkemusikk og hardingfelemakartradisjon, og no blir han utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg.
Vi gratulerer Amund Bjørgen og Sigvald Rørlien som heidersmedlemer i FolkOrg!