Arkiva er viktige aktørar for å dokumentere og formidle musikk- og dansetradisjonane i Noreg. Gjennom å ta vare på samlingane etter innsamlarar og utøvarar, og gjennom å sjølve dokumentere tradisjonsberarar, utgjer arkiva ein viktig del av folkemusikkmiljøet.

Dette arrangementet viser dei mange inngangane til folkemusikksamlingar, enten du er utøvar, forskar eller berre glad i musikken.

Program

  • Arne Anderdal: Om Arne Bjørndals samling – ispedd refleksjonar frå eit utøvar-perspektiv
  • Sigrid Moldestad: Arkivet som inspirasjon og -undringsrom
  • Magni Rosvold: Sørfjordspringar – eit revitaliseringsprosjekt

Arrangementet er gratis.

Arrangørar: Vestland fylkeskommune (Fylkesarkivet), Ole Bull Akademiet, Universitetet i Bergen (Arne Bjørndals samling) og Hardanger folkemuseum (Hardanger

Arkiva og folkemusikken  – dokumentasjon, inspirasjon og revitalisering