I 2017 vart det delt ut kr. 500 000 til fem rekrutteringsprosjekt rundt om i Noreg. I 2018 skulle FolkOrg i utgangspunktet auke til åtte prosjekt. Etter søknadsfristen den 15. april var det imidlertid så mange gode prosjekt, at det difor i samråd med Dextra Musica vert gjeve stønad til heile ti rekrutteringsprosjekt i år. Dette er prosjekta som får stønad i 2018:
Bølingen (Akershus, Oslo og omegn) – kr. 100 000,-
FolkemusikkUNG (Valdres) – kr. 100 000,-
FolkRekrutt (Gudbrandsdal) – kr. 100 000,-
Fuglen (Rogaland) – kr. 100 000,-
Leik lengst nord (Finnmark) – kr. 80 000,-
Morgondagens spelemenn (Bergen) – kr. 80 000,-
Raudan Gull (Møre og Romsdal) – kr. 140 000,- (for to år)
SPREK! (Hedmark) – kr. 100 000,-
TØFT (Sogn og Fjordane) – kr. 100 000,-
Ung Halling (Hallingdal) – kr. 100 000,-
Dextra Musica er eit dotterselskap av Sparebankstiftelsen DNB. Selskapet eig nokre av verdas beste strykeinstrument og låner dei ut til etablerte og talentfulle norske musikarar. Alle som låner instrument bidreg til gjengjeld i prosjekt med born og unge. Dextra Musica har dei siste ti åra bygd opp ei av verdas fremste strykeinstrumentsamlinger til utlån for norske musikarar. Dei er no i gong med samarbeid med folkemusikkfeltet på å bygge opp ei samling av historiske og nybygde folkemusikkinstrument. Målsetninga med arbeidet er å bidra til å ivareta norsk kulturarv og tilby instrument av god kvalitet til fremragande og etablerte folkemusikarar.
– Det er viktig for oss å være med på å synlegjere det viktige arbeidet som vert gjort på rekruttering til folkemusikken og folkedansen. Vi gler oss til å følgje denne satsinga framover, seier prosjektansvarlig i Dextra Musica Eline Moe Melgalvis.