Ope for alle!
Dirigentkonferansen rettar seg til alle innan musikkfeltet som er opptekne av spørsmål om tradisjon og fornying i repertoar, framføring og formidling, og om inkludering og mangfald. Konferansen er relevant for alle som jobbar med musikk i grupper og ensembler, heilt uavhengig av sjanger.

Workshop med Vegar Vårdal
Folkemusikar Vegar Vårdal medverkar med workshopen ‘Ungdom i ensembler og unge ledere’. Her vil han mellom anna fokusere på sine erfaringar frå FolkOrg sitt prosjekt FolkLeiarUng, eit prosjekt for unge folkemusikarar mellom 15 – 23 som ynskjer å utforske rolla som musikalske leiarar.

Påmelding 
Konferansen og workshopen har ingen deltakaravgift, men deltakarane dekkjer sjølv eigen reise og overnatting. Det er begrensa antall plassar og fyrstemann til mølla. Det er mogeleg å sende påmelding for ei heil kulturskule , organisasjon eller liknande samla. Meld deg på i skjemaet på nettsida eller ved å sende en e-post til post@dirigentloftet.no innan 16.oktober.

Workshophelga er open for alle interesserte som jobbar med musikk i grupper og ensembler, enten som lærarar i kulturskuler, ensembleleiarar i frivillige lag og
organisasjonar, om du jobbar med barn og unge, eller er tilsett i utdanningsinstitusjonar og musikkorganisasjonar.

Dirigentkonferansen Conducting Change gjennomførast i samarbeid med Barratt Due musikkinstitutt, De Unges Orkesterforbund, Dextra Musica, Dream Orchestra, FolkOrg, Korpsnett Norge, Nordic Wind Festival, Norges musikkhøgskole, Norges Musikkorps Forbund, Music Norway,  Samspill, Senter for talentutvikling, Talent Norge, Ung i kor, Ung kirkesang og Ung musikk.

 

Dirigentkonferansen 2023
Stad: Sentralen, Øvre Slottsgate 3

Tid: Fredag 20.oktober 10.00-15.00

Workshophelg: Inkluderende metoder
Stad: Sentralen, Øvre Slottsgate 3

Tid: Fredag 20.oktober 17:00-21:00, laurdag 21.oktober 10:00-17:00, sundag 22.oktober 10:00-15:00

Workshops for folkemusikkfeltet
Av andre relevante workshops for folkemusikkfeltet kan me mellom anna nemne desse:

Fredag kl. 19:00

Hvordan undervise så alle forstår og engasjeres? Tydelig ledelse med fokus på de universelle språkenes muligheter og kraft, Majken Wærdahl

Laurdag kl. 11:00
Ungdom i ensembler og unge ledere – ulike praksiser og undersøkelser, Vegar Vårdal med fleire

Laurdag kl. 13.15
Alle med – Hva legger vi i det? Gåsehudprosjektet, Berit Cardas

Laurdag kl. 14.15
Lekende musikkteori i ensembler, Carsten Viuf
Orkesterøvelse i praksis, Ron Davis Alvarez

Laurdag kl. 16:15
Building the Room: Creating an Environment Where All Can Thrive, Dr. Anthony Trecek-King

FolkLeiarUng

Prosjektet FolkLeiarUng er eit resultat av at FolkOrg er med i breiddesatsinga til Dirigentløftet. Med midlar frå Dextra Musica tar vi no fatt på det tredje prosjektåret.

Årets sju deltakarar er ein godt samansatt gjeng frå seks ulike fylker og med song, fele og toradar som hovudinstrument.

Målet med prosjektet er å gi deltakarane fagleg og musikalsk utvikling kor musikalsk leiing står i fokus. Dette er eit prosjekt som også inkluderar dei lokale spelemannslaga som deltakarane tilhøyrer og er såleis ein sjeldan sjanse for spelemannslag som ynskjer å gje dei eldste ungdommane sine eit inspirerande og utviklande tilbod. 

FolkLeiarUng er eit prosjekt for dei som er nysgjerrige på å lære meir om rolla som musikalsk leiar og som ønsker å ta med erfaringane frå dette prosjektet vidare inn i noverande og framtidige spelemannslag og andre type ensembler.

Her kan du lesa meir om FolkLeiarUng

Velkommen til Dirigentkonferansen 2023 og workshophelg på Sentralen!

Desse er deltakarar i FolkLeiarUng 2023 - 2024: Oda Ovidt Bardal, Silja Lid Strysse, Siri Nordgård, Solveig Eide Grønningsæter, Eldbjørg Trydal Rysstad, Robin Morken og Malin Røysland Skårberg. Instruktørar: Vegar Vårdal og Kristoffer Kleiveland.