Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Arrangørane for dei to neste sumrane er som kjent klare: 

Landsfestivalen i gammaldansmusikk:
2025 – Oppdal. Lokal arrangør er Oppdal Spell- og dansarlag.
2026 – Vågå. Lokal arrangør er Vågå Trekkspelklubb.

Landskappleiken:
2025 – Eidfjord. Lokal arrangør er Hardanger spelemannslag.
2026 – Hovden. Lokal arrangør er Setesdal Spelemannslag.

Det er for åra 2027, 2028 og 2029 ein no leitar etter arrangør. Etter at både Landskappleiken og Landsfestivalen i 2024 gjekk med millionoverskot, skulle ein kanskje tru at FolkOrg no vart runne ned av interesserte arrangørlag, men ifylgje Myhr er ikkje det heilt tilfelle.

– Har de nokon interesserte lag no?

– Me er i dialog med opp til fleire aktuelle arrangørar til båe arrangementa, men det er ikkje stor pågang. Difor ynskjer me fleire interesserte arrangørlag. Erfaringa viser at me må drive med litt oppsøkande verksemd for å skapa interesse. 

Fiskar etter nye arrangørstader

Myhr fortel at FolkOrg har tankar om eigna arrangørplassar, men at det er ikkje alltid dei som bur der har tenkt desse tankane sjølve. Dermed er det om å gjera at ein får vekt litt initiativ rundt om kring i ulike plassar av landet. 

Døme på arenaoversiktskart frå Landskappleiken på Gol i år.

– Nokre arrangørstader er kjente etter å ha teke på seg festivalar og kappleikar år etter år, men me treng også nye som kjem på bana. Vestnes er eit godt døme på ein ny arrangørplass, og det vart ein vellukka festival. Dei gjekk framfor som eit eksempel for nye arrangørar. Dette viser at Landsfestivalen er eit arrangement som fungerer godt på plassar som ein ikkje tenkjer over som opplagte arrangørstader. Det er elles viktig å tilpasse arrangementet til lokale forhold. Dermed må ein kanskje tenkje litt alternativt somme stader. 

– Landsfestivalen blir forholdsvis ofte arrangert i Gudbrandsdalen. Det kan vera ein fin måte for laga der å tene seg pengar, men også ei belastning på dugnadsfolk. Kan det vere aktuelt for andre lag i dei meir tradisjonelle hardingfeleområda på Austlandet å ta på seg Landsfestivalen?

– Me er i kontakt med arrangørlag også utanfor Gudbrandsdalen. Me er veldig takknemlege for arrangørstader som jamleg tek på seg arrangement, men me prøver som sagt å utfordre nye plassar. 

Hovedkomiteen i Eidfjord på synfaring med FolkOrg-leiar Aslak Brimi. Foto: Landskappleiken si Facebook-side.

Landskappleiken kan også arrangerast på stader utan stort hotell

– Er Landskappleiken vorten for stor? 

– Krava til tevlingsarena er såpass store at det utelet ein del plassar. Med tanke på kapasitet og infrastruktur er det fleire lag som kan ta på seg festival enn kappleik. Når det gjeld overnatting, så er det ikkje slik at ein må ha eit stort hotell for å ta på seg arrangementet. Sjå på Vågå til dømes, dei har jo fått det til gong på gong med eit lite hotell. Dette med privat overnatting til dømes har vorte mykje meir vanleg. Vegen å gå, trur eg, er at ein i større grad må mobilisere lokalt for å få leigd ut private bustader. Ein må tenkje litt alternativt. Finst det skular? Internat? Camping? Glamping? Om ikkje alle får overnattinga som dei primært ynskjer seg, så løyser det seg som regel. 

Myhr meiner det er viktig med lokalt engasjement. Det gjeld å få på plass ein hovudkomité som er driftige og får med seg folk. I tillegg er det viktig med ei god støtte frå kommunen og at det er stemning lokalt for å ta på seg eit slik stort arrangement. At eit lokallag tek på seg dette, betyr likevel ikkje at styremedlemmane skal ordne dette sjølve. 

– Det kan vera litt skremmande å sitta i eit lokallagsstyre og føle at ein no sjølv må ta på seg jobben. Om lokallaget synest det er vanskeleg, handlar det å sjå seg rundt og få tak i ressurspersonar lokalt. Det treng ikkje berre vera folk som er aktive i folkemusikkmiljøet frå før. Ein kan også sjå til nærliggande lag, og det må ikkje vera heilt lokalt. Få sett saman ein god hovudnemnd, det er det det handlar om. 

Er laget ditt interesserte i å søkje? Les meir her.

FolkOrg har fått innvilga pengar til ei ekstra stilling til å jobbe med kappleik og festival. Det vil seia at FolkOrg kan vere tettare på hovudnemndene enn tidlegare. Dei kan bidra med fleire ressursar, verktøy og arrangørkompetanse. 

– Kor mange dugnadsfolk trengst det?

– Arrangørane har ulike tal. Det handlar om kor mange vakter folk tek på seg. Det ligg mellom 300-500. Mange frå andre kantar av landet melder seg ofte til dugnad, og mange har vore med og arrangert sjølve og veit kva det inneber. Det handlar om å mobilisere lokalt. 

Kva må til?

Landskappleiken:

  • Tidspunkt: veke 26
  • Helst 3 arenaer i rett storleik i nær avstand til kvarandre (inntil 1 km i mellom)
  • Hovudarena med om lag denne kapasiteten: 1100 sitteplassar. Arena nummer 2 må ha plass til rundt 300 sitteplassar. Arena 3 kan vere mindre enn arena 2.
  • ca. 20-25 øvingsrom (skule i nærleiken av arena). I tillegg burde det vere 2-3 finstemmingsrom tilgjengeleg nær scena.
  • Overnattingstilbod i ulike prisklassar: gjerne hotell, camping, kappleikscamping, motell, privat innkvartering, skuleovernatting.

Landsfestivalen:

  • Tidspunkt: veke 31
  • Hovudarena med kapasitet til rundt 900 publikummarar. Det er positivt om arrangøren har tilgang til ein arena til, slik at nokon tevlingar kan føregå parallellt (som eit tiltak for å unngå seine finalar og tidlege morgonar). Arena nummer to kan vere mindre enn hovudarenaen.
  • Minimum seks øvingsrom og to finstemmingsrom.
  • Overnattingstilbod i ulike prisklassar: gjerne hotell, camping, festivalcamping, motell, privat innkvartering, skuleovernatting.

    Dette er malen for utforminga av hovudnemndene for både LK og LF (det er ikkje eit krav at hovudnemnda er satt når de sender inn søknaden): Oppbygnad av hovudnemnd

Søknaden må innehalde følgande punkt:

  • Informasjon om laget eller laga som står bak søknaden.
  • Bakgrunnen for søknaden.
  • Gjer greie for overnattingskapasitet, tevlingsarenaer med øvingsrom og bemannings- og dugnadskapasitet.
  • Det må leggast ved eit styrevedtak som er gjort i søkjarlaget/søkjarlaga angåande å søke om arrangementet, med underskrift av styreleiaren.

Søknader som dokumenterer at kommune og næringsliv stiller seg bak søknaden, og at dei blir aktive, gode støttespelarar økonomisk og/eller på anna vis, kan bli prioriterte. Geografisk spreiing på dei ulike søkjarane vil også kunne spele ei rolle i tildelingane.

Søknadsfrist: 3. februar 2025.  
Vi oppmodar interesserte søkjarar til å ta kontakt med Sina Myhr – kappleiksrådgjevar  i FolkOrg, for meir informasjon: 
sina@folkorg.no, tlf 95 44 25 92  

Søknaden sendast på e-post til sina@folkorg.no