Imponert styreleiar i FolkOrg
-Eg er så fornøgd med den store oppslutninga kring dommarseminaret, med over 70 deltakarar, som representerte eit stort spenn både i tradisjonsområde og alder. Det var ei svært interessant fagsamling med dyktige innleiarar, som gjennom relevante eksemplar og dilemmaer, bidrog til gode refleksjonar og drøftingar i alle dei tre parallellseminara. Deltakarane fekk høve til å prøvedømme, og eg må seie eg er imponert over det høge kunnskapsnivået og bevisstheita kring tradisjonsmusikken og -dansen blant dei engasjerte deltakarane. Dette lovar godt for rekrutteringa av nye dommarar framover, seier styreleiar i FolkOrg Hilde Reitan.

Seminarhelga bestod av tre parallelle seminar
Vi delte seminarhelga i tre parallelle seksjonar for å kunne fokusere på vokal, spel og dans, alle med litt ulike tema. 

Temaet for seminaret i spel var samspel i lagspel og gruppespel med ekstra fokus på runddans. Det var Rikke van Ommeren og Tom Willy Rustad som held fagseminaret innan spel.

Temaet for seminaret i dans var samspelet med musikken, med publikum, mellom dansepartnarar og mellom para i ein lagdans. Det var Inga Myhr og Stian Roland som held i fagseminaret innan dans

Temaet for vokalseminaret var generelt djupdykk i tradisjon og stiltrekk, samt forholdet vårt til kjelder og kjeldehenvisning. Det var Åshild Vetrhus som held i fagseminaret innan vokal. 

Seminarhelga var for deltakarar frå heile landet som ønste fagleg påfyll og som ville lære om dommargjerninga, med eller utan dommarerfaring sjølve. 

Dansefest på Riksscena
Laurdag kveld hadde Riksscena skipa til stor dansefest! Her vart det dansa etter Nye Ringnesin og Visdals kvintett. 

Takk til alle som deltok
Takk til alle de som deltok på seminarhelga! 
Vi vonar både de og fleire til vil være med på seminarhelg ved neste høve. 
 

Her kan du lese tevlingsreglementet for tevlingar i regi av FolkOrg

 

Ynskjer du å melde deg inn i FolkOrg? 
Klikk her og bli medlem i FolkOrg