Det er med stor sorg vi har motteke bodskap om at Elisabeth Kværne har gått bort.
På sitt engasjerte vis har Kværne drive undervisning, delteke jamnleg på konsertar, erindringskveldar, samt lokale og nasjonale kappleikar. Ho har førelese både ved Ole Bull Akademiet på Voss og på Noregs musikkhøgskole i Oslo. Ho har drive med innsamlingsarbeid og arbeidd som folkemusikkarkivar ved Valdresmusea, i tillegg til å vere gardbrukar heime i Aurdal.
Elisabeth Kværne er oppvaksen i Skottland, Bærum og i Aurdal i Valdres, og ho hadde utdanninga si frå Universitetet i Oslo med fagkrinsen musikkvitskap, folkeminnevitskap og folkelivsgransking. Kværne tok oppatt gardsdrifta på garden Hjelle i Aurdal då ho flytte dit i 1978, og dette har vore ein base for det omfattande kulturarbeidet hennar.
Elisabeth Kværne la ned ein stor innsats innanfor organisasjonsarbeid, og har særleg spelt ei sentral rolle som medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans i åra 1990–2004. I ein periode var ho også nestleiar. I tillegg var ho med i ei rekkje komitear og utval, mellom anna i utvalet som laga utgreiinga De norske instrumentbyggertradisjonene: en situasjonsrapport (2009). Ho var dessutan ein sentral pådrivar for utgjevingane av Lindemans folkemusikknedteikningar, førte i pennen av Øystein Gaukstad.
Ho vil nok særleg bli hugsa for sitt utrøttelege og målretta arbeid for at langeleiken skulle ha ein sjølvsagt og naturleg plass i den norske folkemusikkfaunaen. I lag med Bjørn Aksdal gjorde ho ein formidabel jobb med eit registrerings- og forskingsprosjekt om langeleiken si historie og utvikling. Eitt av resultata vart boka Langeleiken – heile Noregs instrument som kom i 2021.
Elisabeth Kværne var også aktiv som plateartist, og gav i 1985 ut albumet På langeleik, som ho året etter fekk Spellemannprisen for. Som utøvar har ho også formidla historia om musikken og kjeldene ved ei rekkje turnear i regi av Rikskonsertane, åleine og i lag med andre. I 2005 fekk ho Nord-Aurdal kommune sin kulturpris, og ho mottok Statens arbeidsstipend for folkekunstnarar i 2006–2007. I 2012 fekk ho Rff-prisen for ein lang og omfattande innsats på ei rekkje område for den norske folkemusikken og folkedansen, og i særleg grad langeleiken og langeleikspelet. Og i 2018 vart ho utnemnd som heidersmedlem i FolkOrg.
Vi lyser fred over Elisabeth Kværne sitt minne.
Styret i FolkOrg