Det var med stor sorg me mottok bodskapen om at Ellen Bojer Nordstoga hadde sovna inn, 83 år gamal.

Ellen Bojer Nordstoga blei utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg i 2011, for sin store og langvarige innsats for norsk folkemusikk og folkedans. Ho var kvedar, dansar, pedagog, kulturformidlar og arrangør. Ho medverka på fleire plate- og bokutgjevingar, og var i mange år distriktsmusikar i Telemark. I tillegg var ho aktiv i både Telemark Folkemusikklag og Norsk Folkemusikk- og Danselag. Og heime i Vinje var ho entreprenør, der bygde ho opp kultursenteret på Mjonøy. 

Ellen var ei eldsjel som la ned eit enormt arbeid for folkemusikken og folkedansen lokalt i Vinje, i Telemark og med ringverknader nasjonalt. Ho blei vidgjeten for eit pågangsmot og ei gjennomføringskraft få kunne måle seg med. Folkesongen var eit hjartebarn, og som distriktsmusikar fekk ho ein intensiv periode som utøvar for publikum i alle aldrar. Gjennom ein langvarig innsats var ho hovudansvarleg for at mange barne- og ungdomskull i Vinje og Vest-Telemark fekk opplæring i folkemusikk- og folkedanstradisjonane sine. Tallause var dei kursa i kveding og dans ho stod for på fritida, og i tillegg fekk ho også desse tradisjonssjangrane inn i Vinje-skulen. Fleire av ungdomane blei utøvarar på høgt nivå, og har halde fram som yrkesutøvande kunstnarar. 

Ellen Bojer Nordstoga var heidra med Vinje kommunes kulturpris, Teskjekjerringprisen, Telemark Mållags kulturpris og Norsk Kulturarvs heidersmerke Gullnåla. Ho sat i styret for Norsk Kulturarv gjennom meir enn ti år, og var i den tida med på å laga premissane for kvalitetsmerket Olavsrosa, som er Norsk Kulturarv si sertifiseringsordning for kulturarvopplevingar i Noreg.

Mange har enormt mykje å takke Ellen Bojer Nordstoga for, etter hennar livslange innsats for folkemusikken og folkedansen.

Me lyser fred og signing over Ellens minne.

FolkOrg. 

 

Ellen Nordstoga vart utnemnd som heidersmedlem i 2011. Her i lag med den gong styreleiar i FolkOrg, Maria Høgetveit Berg. Foto: Eivind Kaasin
Hege Manheim og Ellen Nordstoga og plakaten til forestillinga dei stod bak, Kongsdøttane, vist på Telemarkfestivalen 2021. Foto: Ingebjørg Bø