I FolkOrg har vi eit fagutval for arbeid med barn og unge som handsamar saker som har med arbeid med barn og unge å gjere. 

Bakgrunn og representasjon
Barn og unge er ei veksande medlemsmasse i organisasjonen, og FolkOrg har ved nyttår 2024 over 1000 medlemar under 26 år. 

På landsmøtet 2025 vart det vedteke nye vedtekter i organisasjonen, og der står det at FolkOrg skal ha et “Fagutval for arbeid med barn og unge er fem personar, der to er frå styret, samt tre medlemmer som styret peikar ut, der to av desse er under 26 år. Utvalet konstituerer seg sjølv.”

I langtidsplanen for FolkOrg står det mellom anna at “FolkOrg skal leggje til rette for gode og trygge møteplassar for musikk- og dansesamvær på tvers av generasjonar og nivå. Å arbeide for at barn- og unge får møte og oppleve folkemusikk og folkedans er særskilt viktig.” 

Vidare står det at Folkorg skal “drive rådgjeving for folkemusikk og folkedans i møte med, og saman med, barn og ungdom.” Og det står at FolkOrg skal “legge til rette for arrangement særskilt retta mot barn og unge.” 

Rådgjevar for arbeid med barn og unge

FolkOrg har ein ansatt i administrasjonen som har arbeid med barn og unge som del av si stilling. Rådgjevaren fungerer som bindeledd mellom styret og medlemmene, hen administrerer fagutvalets møter, er sekretær for utvalet og er sakshandsamar på saker til styret som gjeld barn og unge. 

Mandat for fagutvalet

Utvalet for arbeid med barn og unge skal vere eit fagleg organ for arbeidet med barn og unge som foregår rundt om i organisasjonen. Utvalet skal handsame saker som vedgår barn- og unge, og gje råd til styret i slike saker. 

Organisering av arbeidet

Styret stiller administrative ressursar til rådvelde for utvalet, m.a. med rådgjevar som har barn og unge som del av si stilling, og som også fungerer som sekretær for utvalet. Utvalet har to til fire møter i året, og eit årleg møtepunkt med styret. 

Kvifor fagutval

FolkOrg ynskjer ei og ope god dialog med dei unge i organisasjonen, og i fagutvalet skal det site gode representantar for desse. Vårt mål er at fleire barn og unge skal få oppleve og drive med utøvaing av folkemusikk og folkedans! 

Fagutvalet skal vere tilstades på ulike arrangement i FolkOrgs regi, og på denne måten vere tilgjengelege for innspel og dialog med barn og unge i organisasjonen.