Klasseinndeling 2025
Kvart album kan berre meldast på i éi klasse. Juryen tek atterhald om retten til å flytte platene dersom dei meiner ho er meldt på i feil klasse. Folkelarm og FolkOrg tek atterhald om retten til å avlyse, eventuelt supplere klassar.
Folkelarmprisen 2025 – Årets Album: Solo
Prisen skal gå til ei musikkutgjeving med nyinnspeling av folkemusikk der ein framfører tradisjonell musikk i soloformat. Det kan vere samspeluttrykk på albumet, men det skal vere tydeleg overvekt av solistisk uttrykk. Det er opp til juryen å vurdere om eit innslag har solistisk preg.
Folkelarmprisen 2025 – Årets Album: Samspel (grupper/ensemble)
Prisen skal gå til ei musikkutgjeving med nyinnspeling av folkemusikk der ein framfører tradisjonell musikk i duo- eller trioformat, grupper eller ensemble, og som ikkje nødvendigvis passar inn i klassane for solo eller dansespel.
Folkelarmprisen 2025 – Årets Album: Dansespel
Prisen skal gå til ei musikkutgjeving med nyinnspeling av folkemusikk som eignar seg for dans. Det kan vere både solistar og grupper/ensemble.
Folkelarmprisen 2025 – Årets Album: Open klasse
Prisen skal gå til ei musikkutgjeving med nyinnspeling av folkemusikk som er sjangeroverskridande og kan ha eit mindre tradisjonelt uttrykk, men med røter i tradisjonell musikk. Det kan vere både solistar og grupper/ensemble.
Folkelarmprisen 2025 – Årets Dokumentasjon: Bok eller album
Prisen skal gå til ei utgjeving som dokumenterer tradisjonar og uttrykk som har vore lite tilgjengelege. Det kan vere ei nyinnspeling eller utgjeving av arkivmateriale, som fonogram eller anna format. Det kan òg vere ei bok eller ei notesamling med intensjon om å dokumentere tradisjonsstoff eller presentere personar som har vore viktige for folkemusikken og folkedansen.
Folkelarmprisen 2025 – Årets Produksjon: Bestillingsverk eller framsyning
Denne prisen skal gå til ein konsert eller ei framsyning som bidreg til å utvikle folkemusikken og folkedansen i Noreg. Det kan vere eit nytt og framført bestillingsverk, danseframsyningar, barneframsyningar eller andre sceniske produksjonar.
Les meir og finn påmeldingsskjema her.
BRANSJEPRISAR 2025
Under Folkelarmprisen blir det òg delt ut bransjeprisar til utøvarar, arrangørar og andre bransjeaktørar som har bidrege til å bevare, utvikle og synleggjere folkemusikken og folkedansen på ein særleg positiv måte i året som har gått.
Årets folkemusikar 2025
Denne prisen skal gå til ein artist som har utmerkt seg i formidlinga og utviklinga av folkemusikk og/eller folkedans i året som var. Prisen kan gå til ein dansar, musikar, gruppe/ensemble, kompani eller lag. Det er Folkelarmprisjuryen som er jury for denne prisen.
I 2024 blei Tuva Livsdatter Syvertsen kåra til Årets folkemusikar.
Les meir og nominer din kandidat her.
Folkelarmprisen 2025 – Årets bransjeaktør
Prisen skal gå til ein bransjeaktør som har utvikla og bidrege inn i folkemusikken og folkedansen på ein positiv måte. Prisen kan gå til ein produsent, regissør, musikkforleggjar, organisasjon, verksemd eller andre aktørar som har gjort mykje godt for utviklinga av folkemusikken. Det er styret i FolkOrg som er jury for denne prisen.
I 2024 blei denne prisen delt ut for første gong, og gjekk til Terje Foshaug.
Les meir og nominer din kandidat her.
Folkelarmprisen 2025 – Årets visuelle uttrykk: Foto, platecover eller grafisk uttrykk
Prisen skal gå til ein fotograf, grafikar eller kunstnar for eit visuelt uttrykk som fangar sjåarane og skaper interesse for folkemusikk og folkedans. Det kan vere eit foto eller grafisk uttrykk knytt til fonogram, bøker, festivalar, framsyningar og andre produksjonar. Det er ein eigen fagjury for denne prisen.
I 2024 fekk Mette Vårdal og Trond Andersson prisen for det visuelle uttrykket til utgjevinga Slåtter frå Åseral.
Les meir og nominer din kandidat her.
Folkelarmprisen 2025 – Årets arrangør: Program eller konsept
Prisen skal gå til ein arrangør eller festival som i inneverande år har utmerkt seg gjennom sitt program, idear eller nyskapande konsept, og som har klart å skape stor interesse for og fokus på folkemusikk og folkedans i sitt område. Det er styret i FolkOrg som er jury for denne prisen.
I 2024 fekk Riksscenen prisen som Årets arrangør for sitt konsept og konsertserie Tuvas Blodklubb.
Les meir og nominer din kandidat her.
Folkelarmprisen blir delt ut laurdag 15. november på Riksscenen.
Prisutdelinga er ei feiring av folkemusikken og folkedansen i året som har gått. Det blir glam, raud løpar og dansefest. Alle er velkomne!