FolkOrgs Eldsjelpris
Med FolkOrgs Eldsjelpris ynskjer vi å setje fokus på alt det gode arbeidet som vert lagt ned i små og store lag og miljø landet over. Prisen skal gå til ein person som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement og sin innstats for folkemusikken og/eller folkedansen i Noreg, og som i stor grad har stødd opp med friviljug arbeid. FolkOrg ynskjer å gje denne prisen til ein person som med sine positive haldningar, sin inkluderande veremåte og ekstraordinære innsats er med på å skapa eit godt og trygt miljø for folkemusikk- og folkedansinteresserte i alle aldrar.
Styret i FolkOrg avgjer kven som får eldsjelprisen på bakgrunn av innsendte nominasjonar. Det er open nominasjon kor alle kan sende inn sine forslag. Vinnaren får eit flott trykk og heider og ære, og vert delt ut på FolkOrgs Landsmøte.
Prisen vart fyrste gong delt ut i 2021, og da var det Harald Omnes frå Nes Nasjonale dansarring som vann.
FolkOrgs Lokallagspris
Mange lag fortener heider for sitt arbeid med folkemusikken og folkedansen. FolkOrgs lokallagspris går til eit lag om gjer ein stor innsats for å halde aktiviteten oppe, eller kanskje til og med gjer noko nyskapande.
FolkOrg har i dag over 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 170 mangfaldige lokale spel- og dansarlag og områdelag. Lokallaga er ryggrada i organisasjonen og syner stor aktivitet. FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom mellom anna å dele ut FolkOrgs lokallagspris.
Styret i FolkOrg avgjer kven som får lokallagsprisen på bakgrunn av innsendte nominasjonar. Det er open nominasjon, og lokallaga kan sjølvsagt melde sitt eige kandidatur.
Prisen er ein pengepremie på 20 000 kroner, og vert delt ut på FolkOrg sitt Landsmøte.
Tidlegare vinnarar av prisen for årets lokallag/FolkOrgs lokallagspris er:
- Seljord Spelemannslag for sitt arbeid med rekruttering for folkemusikk og –dans. (2012)
- Eiker Spelemannslag for sitt arbeid med revitalisering av lokale folkemusikktradisjoner. (2013)
- Klæbu torader- og danselag for sitt arbeid med å skape ein populær og stabil arena for dansen i møte med folkemusikken lokalt. (2014)
- Gjøvik spelemannslag, mellom anna for formidling av folkemusikk på eldre folkemusikkinstrument. (2015)
- Tinn spelemannslag for sitt rekrutteringsarbeid. (2016)
- Vågå spel- og dansarlag som sterke bidragsytarar til kulturlivet i sin region. (2017)
- Hardanger spelemannslag for framifrå arbeid for å halde tradisjonane i hevd. (2018)
- Trysil-Knut Dans og spelmannslag (2019)
- Setesdal Spelemannslag (2020)
- Bærum Spellemannslag (2021)
- Ål spel- og dansarlag (2022)
- Øystre Slidre Spel- og dansarlag (2023)

Nestleiar i FolkOrg, Camilla Granlien, Harald Omnes og styreleiar Hilde Reitan under utdelinga av Eldsjelprisen 2021. Foto: Knut Utler.