Aktivitetstilskotet frå FolkOrg er ei samanslåing av dei tidligare ordningane Aktivitetstilskot, Rekrutteringssøtte og Danseaktivitet. Aktivitetstilskot frå FolkOrg vart oppretta i 2021 og har som føremål å bidra til lokale arrangement og lokal aktivitet i heile folkemusikk og folkedansmiljøet.
I søknadsrunden 2023 kom det totalt inn 26 søknadar, med ein samla søknadssum på kr. 374 000,- , og 25 av desse fekk innvilga søknaden.
Det er gledeleg å sjå at det kom inn så mange søknader til denne tilskotsordninga, og vi ser fram til mange flotte aktivitetar i 2023!