FolkOrg har i perioda 2017-2020 fått kr 3 645 000 frå Dextra Musica – eit dotterselskap av Sparebankstiftelsen DNB. Midlane skal gå til rekrutteringsprosjekt innanfor folkemusikk og folkedans for barn og unge i Noreg. I 2020 vart det delt ut 850 000 kr til 13 ulike prosjekt. Prosjekta som får stønad i 2020 er:
FolkRekrutt (Gudbrandsdalen) – 50 000 kr
FolkemusikkUng (Valdres) – 50 000 kr
Fuglen (Rogaland) – 50 000 kr
TØFT (Sogn og Fjordane) – 50 000 kr
Raudan Gull (Møre og Romsdal) – 40 000 kr
UngHalling (Hallingdal) – 60 000 kr
SPREK! (Hedmark) – 60 000 kr
Morgondagens spelemenn (Bergen) – 60 000 kr
Bølingen (Oslo og Akershus) – 60 000 kr
Kulturverkstad:FOLK (Målselv) – 90 000 kr
Folk-verksted Buskerud – 90 000 kr
Spelemannslaget Laust og Fast (Sør-Trøndelag og omeng) – 90 000 kr
OsterFOlk (Osterøy) – 100 000 kr
Sparebankstiftelsen DnB er ei uavhengig stifting som eig rundt 8 prosent av aksjane i DNB. Utbyttet frå desse aksjane brukast til ulike samfunnsnyttige prosjekt. Sparebankstiftelsen DNB har over fleire år støtta tiltak som bidreg til at unge utøvarar får inspirasjon av musikarar på høgt nivå. Målet er å skapa neste generasjons musikarar og musikkentusiastar innan klassisk musikk og folkemusikk.
I tillegg til å støtte arbeid for barn og unge, har Dextra Musica ei av verdas fremste samlingar av strykeinstrument, som dei låner ut til etablerte og talentfulle norske musikarar innan folkemusikk og klassis musikk. Les meir om arbeidet til Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica her: Dextra Musica