FolkOrg fekk i perioda 2016-2020 tildelt til saman 3,9 millionar kroner frå Dextra Musica. Midlane har gått til større rekrutteringsprosjekt rundt om i landet. Våren 2020 fekk FolkOrg innvilga heile 5,4 millionar for dei tre neste åra. Den nye treårige tildelinga gjer at organisasjonen kan støtte oppom dei allereie eksisterande prosjekta, samt gi nye prosjekt eit føreseieleg grunnlag for langsiktig arbeid. Midlane skal som tidlegare gå til rekrutteringsprosjekt, i tillegg til eit nytt landsdekkande prosjekt med namn Unge musikalske leiarar som har oppstart hausten 2021. Målet med dette prosjektet er å inspirere og motivere unge musikarar til å halde fram med musikken og bidra til å halde dei lokale miljøa levande. Meir informasjon om dette prosjektet kjem fortløpande utover våren.
Årets tildeling til rekrutteringsprosjekt er på 1 350 000 kr, og er den største tildelinga til no. Det kom inn i alt 22 søknader, og FolkOrg har vedtatt å tildele midlar til 19 rekrutteringsprosjekt i 2021. Desse er:
FolkemusikkUNG i Valdres: 50 000 kr
Folkrekrutt (Gudbrandsdalen): 50 000 kr
Fuglen (Stavanger): 50 000 kr
Bølingen (Akershus og Oslo): 50 000 kr
Arvtakerne (Porsanger): 65 000 kr
Morgondagens spelemenn (Bergen): 50 000 kr
SPREK! (Hedmark): 50 000 kr
Ung Halling (Hallingdal): 50 000 kr
Folk-verksted Buskerud: 60 000 kr
Kulturverkstad:FOLK (Målselv): 80 000 kr
Spelemannslaget Laust og Fast (Skaun kommune og omeng):
80 000 kr
Gorrlaus (Setesdal): 100 000 kr
OsterFolk (Osterøy): 100 000 kr
TrønderTakt (Steinkjer/Trøndelag): 100 000 kr
HardingFolk (Hardanger): 100 000 kr
Polsdans mot Bodø 2024: 100 000 kr
UngFolk Gjøvik: 85 000 kr
Folkedans for barn med minioritetsbakgrunn (Midt-Telemark):
70 000 kr
Lausdans og Hallingkast (Voss): 60 000 kr
Sparebankstiftelsen DNB er ei uavhengig stifting som eig rundt 8 prosent av aksjane i DNB. Utbyttet frå desse aksjane brukast til ulike samfunnsnyttige prosjekt, mellom anna Dextra Musica. Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica har over fleire år støtta tiltak som bidreg til at unge utøvarar får inspirasjon av musikarar på høgt nivå. Målet er å skapa neste generasjons musikarar og musikkentusiastar innan klassisk musikk og folkemusikk.
I tillegg til å støtte arbeid for barn og unge, har Dextra Musica ei av verdas fremste samlingar av strykeinstrument, som dei låner ut til etablerte og talentfulle norske musikarar innan folkemusikk og klassis musikk. Dei har dei siste åra også inkludert langeleikar i samlinga. Les meir om arbeidet til Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica her: Dextra Musica