FolkOrg har sidan 2017 delt ut midlar til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Midlane er gjeve av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica. FolkOrg har vorte tildelt rekrutteringsmidlane i fleire rundar. Den siste tidelinga kom våren 2020, då FolkOrg fekk tildelt midlar for tre nye år (2021-2023).
Årets tildeling er på 1 100 000 kr. I år kom det inn 27 søknadar og FolkOrg har vedtatt å tildele midlar til 16 rekrutteringsprosjekt. Desse er:
- Fuglen ved Ryfylkemuseet (Stavanger): 40 000 kr
- Arvtakerne ved Scenekunstverket ved Skankegården AS (Porsanger): 50 000 kr
- Bølingen ved Akershus Musikkråd (Oslo og Akershus): 40 000 kr
- SPREK! ved Hedmark Folkemusikklag: 50 000 kr
- Folk-verksted Buskerud ved Buskerud Folkemusikklag:
50 000 kr - Kulturverkstad:FOLK ved Kalottspel (Målselv): 70 000 kr
- Spelemannslaget Laust og Fast (Midtnorge): 70 000 kr
- Gorrlaus ved Setesdal Spelemannslag: 70 000 kr
- OsterFolk ved Osterøy Spel- og dansarlag: 80 000 kr
- TrønderTakt ved Stiftinga Hilmar Alexandersen: 100 000 kr
- HardingFolk ved Hardanger Spelemannslag: 100 000 kr
- Polsdans mot Bodø 2024 ved Sinnsykt Bra Alternativ:
100 000 kr - UngFolk Gjøvik ved Gjøvik spelmannslag: 70 000 kr
- Folkedans for barn med minoritetsbakgrunn ved Nes Nasjonale Dansarring (Midt-Telemark): 50 000 kr
- Lausdans og Hallingkast ved Voss spelemannslag: 60 000 kr
- Tragder ved Sørlandet Spelemannslag og Folkemusikklaget Bordun (Aust-Agder): 100 000 kr
Om ordninga
Rekrutteringsmidlar frå Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica skal gå til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk- og folkedansopplæring i Noreg. Eit av hovudmåla med denne stønadsordninga er å hjelpe i gang solide rekrutteringsprosjekt som fører til varige tilbod. Prosjekta det søkjast midlar til må difor ha ein tydeleg intensjon om langvarig aktivitet og ein plan for vidare drift etter at stønaden frå FolkOrg er avslutta. Prosjekt som kan vise til godt gjennomført prosjektår blir prioritert ved neste års tildeling. Dette blir gjort for å skapa ei føreseieleg utvikling for prosjekta. Stønaden vil deretter gradvis bli trappa ned, og FolkOrg forventar at prosjekta frå starten av jobbar målretta for å sikre vidare finansiering etter at stønaden frå FolkOrg og Dextra Musica er avslutta. Les meir om ordninga her: Rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica
Om Sparebnakstiftelsen DNB og Dextra Musica
Sparebankstiftelsen DNB er ei uavhengig stifting som eig rundt 8 prosent av aksjane i DNB. Utbyttet frå desse aksjane brukast til ulike samfunnsnyttige prosjekt, mellom anna Dextra Musica. Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica har over fleire år støtta tiltak som bidreg til at unge utøvarar får inspirasjon av musikarar på høgt nivå. Målet er å skapa neste generasjons musikarar og musikkentusiastar innan klassisk musikk og folkemusikk.
I tillegg til å støtte arbeid for barn og unge, har Dextra Musica ei av verdas fremste samlingar av strykeinstrument, som dei låner ut til etablerte og talentfulle norske musikarar innan folkemusikk og klassis musikk. Dei har dei siste åra også inkludert langeleikar i samlinga. Les meir om arbeidet til Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica her: Instrumentsamling