FolkOrg har sidan 2017 delt ut midlar til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Midlane er gjeve av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica. FolkOrg har vorte tildelt rekrutteringsmidlane i fleire rundar. Den siste tidelinga kom våren 2020, då FolkOrg fekk tildelt midlar for tre nye år (2021-2023).
Årets tildeling er på 900 000 kr. I år kom det inn 20 søknadar og FolkOrg har vedtatt å tildele midlar til 14 rekrutteringsprosjekt. Desse er:
- Arvtakerne ved Scenekunstverket ved Skankegården AS (Porsanger): Kr. 50 000
- Bølingen ved Akershus Musikkråd (Oslo og Akershus): Kr. 40 000
- Folk-verksted Buskerud ved Buskerud Folkemusikklag: Kr. 50 000
- Folkedans for barn med minoritetsbakgrunn ved Nes Nasjonale Dansarring (Midt-Telemark): Kr. 30 000
- Fuglen ved Ryfylkemuseet (Stavanger): Kr. 40 000
- HardingFolk ved Hardanger Spelemannslag: Kr. 80 000
- JubelFOLK ved Bygdelagssamskipnaden i Oslo: Kr. 100 000
- Kulturverkstad:FOLK ved Kalottspel (Målselv): Kr. 60 000 kr
- Polsdans mot Bodø 2024 ved Sinnsykt Bra Alternativ: Kr. 80 000
- Spelemannslaget Laust og Fast (Midt-Norge): Kr. 60 000
- SPREK! ved Hedmark Folkemusikklag: Kr. 50 000
- Bygdedans i skulen ved Indre Sunnfjord Spelemannslag: Kr. 100 000
- Tragder ved Sørlandet Spelemannslag og Folkemusikklaget Bordun (Aust-Agder): Kr. 100 000
- UngFolk Gjøvik ved Gjøvik spelmannslag: Kr. 60 000
Om ordninga
Rekrutteringsmidlar frå Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica skal gå til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk- og folkedansopplæring i Noreg.
Eit av hovudmåla med denne stønadsordninga er å hjelpe i gang solide rekrutteringsprosjekt som fører til varige tilbod. Prosjekta det søkjast midlar til må difor ha ein tydeleg intensjon om langvarig aktivitet og ein plan for vidare drift etter at stønaden frå FolkOrg er avslutta. Prosjekt som kan vise til godt gjennomført prosjektår blir prioritert ved neste års tildeling. Dette blir gjort for å skapa ei føreseieleg utvikling for prosjekta.
Stønaden vil deretter gradvis bli trappa ned, og FolkOrg forventar at prosjekta frå starten av jobbar målretta for å sikre vidare finansiering etter at stønaden frå FolkOrg og Dextra Musica er avslutta. Les meir om ordninga her: Rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica
Om Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica
Sparebankstiftelsen DNB er ei uavhengig stifting som eig rundt 8 prosent av aksjane i DNB. Utbyttet frå desse aksjane brukast til ulike samfunnsnyttige prosjekt, mellom anna Dextra Musica. Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica har over fleire år støtta tiltak som bidreg til at unge utøvarar får inspirasjon av musikarar på høgt nivå. Målet er å skapa neste generasjons musikarar og musikkentusiastar innan klassisk musikk og folkemusikk.
I tillegg til å støtte arbeid for barn og unge, har Dextra Musica ei av verdas fremste samlingar av strykeinstrument, som dei låner ut til etablerte og talentfulle norske musikarar innan folkemusikk og klassisk musikk. Dei har dei siste åra også inkludert langeleikar i samlinga. Les meir om arbeidet til Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica her: Instrumentsamling