FolkOrg har sidan 2017 delt ut midlar til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Midlane er gjeve av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica. FolkOrg har vorte tildelt rekrutteringsmidlane i fleire rundar. Den siste tidelinga kom sumaren 2023, då FolkOrg fekk tildelt midlar for tre nye år (2024-2026).

Årets tildeling er på 1 000 000 kr. I år kom det inn 24 søknadar og FolkOrg har vedtatt å tildele midlar til 16 rekrutteringsprosjekt. Desse er:

  • Akershus Musikkråd  -   30000
  • Bergen Ungdomslag Ervingen   -  100000
  • Folkemusikkscena i Røros   -  85000
  • Hardanger spelemannslag  -   80000
  • Hedmark folkemusikklag   -  30000
  • Kalottspel  -   40000
  • Nes spel og dansarlag  -   40000
  • Osterøy spel og dansarlag   -  100000
  • Ryfylkemuseet   -  30000
  • Scenekunstverket  -   30000
  • Sogn og Fjordane folkemusikklag   -  110000
  • Spelemannslaget Laust og Fast  -   50000
  • Stiftinga Hilmar Alexandersen  -   85000
  • Strengjarhaugen spelemannslag   -  50000
  • Voss spelemannslag   -  100000
  • Øyrafolk / Havella spelemannslag  -   40000
     

Om ordninga
Rekrutteringsmidlar frå Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica skal gå til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk- og folkedansopplæring i Noreg.

Eit av hovudmåla med denne stønadsordninga er å hjelpe i gang solide rekrutteringsprosjekt som fører til varige tilbod. Prosjekta det søkjast midlar til må difor ha ein tydeleg intensjon om langvarig aktivitet og ein plan for vidare drift etter at stønaden frå FolkOrg er avslutta. Prosjekt som kan vise til godt gjennomført prosjektår blir prioritert ved neste års tildeling. Dette blir gjort for å skapa ei føreseieleg utvikling for prosjekta.

Stønaden vil deretter gradvis bli trappa ned, og FolkOrg forventar at prosjekta frå starten av jobbar målretta for å sikre vidare finansiering etter at stønaden frå FolkOrg og Dextra Musica er avslutta. Les meir om ordninga her: Rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica

Om Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica
Sparebankstiftelsen DNB er ei uavhengig stifting som eig rundt 8 prosent av aksjane i DNB. Utbyttet frå desse aksjane brukast til ulike samfunnsnyttige prosjekt, mellom anna Dextra Musica. Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica har over fleire år støtta tiltak som bidreg til at unge utøvarar får inspirasjon av musikarar på høgt nivå. Målet er å skapa neste generasjons musikarar og musikkentusiastar innan klassisk musikk og folkemusikk.

I tillegg til å støtte arbeid for barn og unge, har Dextra Musica ei av verdas fremste samlingar av strykeinstrument, som dei låner ut til etablerte og talentfulle norske musikarar innan folkemusikk og klassisk musikk. Dei har dei siste åra også inkludert langeleikar i samlinga. Les meir om arbeidet til Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica her: Instrumentsamling