Gnist-prisen 2023
Gnist-prisen vart oppretta våren 2017, og er ein pris som vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge. Gnist-prisen på 15 000 kr har som formål å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans.

Delt ut på Meisterkonserten
Gnist-prisen delast ut på Landskappleiken, og vart i år delt ut i samband med Meisterkonserten i ein fullsett idrettshall i Utgard, Lom. Det var Ingrid Standal Sørheim og Are August Flannagan Furubotn som tok i mot prisen.

Her er juryen si grunngjeving for prisvinnarane i 2023:

Årets vinnarar av Gnist-prisen starta som ei vidareføring av Bygda Dansar-prosjektet i regionen, og har sidan oppstarten i 2019 klart å bygge opp eit levande folkedanstilbod for born og unge.

Vinnaren jobbar for å vera ein sosial møtestad og ein stad der ein får bli kjent med lokal folkemusikk og folkedans og dei har sidan 2019 hatt over 70 deltakarar innom prosjektet. Tilbodet er variert, og inkluderer både helgesamlingar, workshops, turar og fordjupingskurs. Dei har folkedanstilbod for både barn, ungdom og vaksne, og har gjennom sitt arbeid klart å skape eit positivt, bærekraftig og samlande læringsmiljø for unge som vil danse folkedans.

Årets vinnar av Gnist-prisen har klart å bygge opp eit levande og inkluderande folkedanstilbod for born og unge, og er gjennom sitt grundige og kontinuerlige arbeid ein svært viktig aktør innan folkemusikk og folkedans i Rogaland.

Prosjektet er drive av Tove Solheim og Åshild Vetrhus ved Ryfylkemuseet og det er med stor glede vi vil gje Gnist-prisen 2023 til FUGLEN!

Prisen er gjeven av Gnistfonden for Unge
Det er Gnistfonden for Unge som gjev prisen. Eva Fischer fortel om bakgrunnen for opprettinga av prisen: ” Min erfaring er at folkedansmiljøet er et godt miljø for barn og unge, og vi har derfor lyst å støtte opp om det. Dette ved å gi penger til lag som jobber med både nivå og læringsmiljø i laget sitt. Lagene er en arena der en får opplæring, utvikler seg sammen, og der en kan føle seg hjemme. Det er viktig at barn og unge som driver med folkedans har et lag der alle har en plass, uansett ferdigheter og ambisjonsnivå.

Ungdommer er en sårbar aldersgruppe, og det er viktig at lagene jobber slik at de tar vare på dem. Ungdommene er også forbilder for nye dansere, og derfor viktige i rekrutteringsarbeidet. Det er motiverende at flere driver med samme hobbyen på en plass, og at man har et lag som er kjekt å være med i.”

Gnistfonden for Unge er oppretta av Eva, Nikolaj og Silje Fischer. Fondet er på DKK 4 millionar og skal delast ut i løpet av dei neste 10 åra. Fondet har som formål å hjelpe unge med utfordringar gjennom inkludering i dansk og/eller norsk kultur, og er ikkje avgrensa til å berre gjelde dans, song og kunst.

Fondet skal mellom anna støtte prosjekt med fokus på integrering av unge flyktningar og støtte ulike prosjekt, organisasjonar o.l. som har som formål å hjelpe unge med ulike, fysiske og/eller psykiske utfordringar. Fondet har eit vidare fokus på internasjonale prosjekt, der unge kan bli kjent med kvarandre på tvers av landegrenser og ulike kulturar.


Tidlegare vinnarar av Gnist-prisen:
2017: Hugnad Ungdomslag
2018: Gransherad Spel og dansarlag
2019: FolkemusikkUNG
2020: Leikarringen i BUL Oslo
2021: Ikkje delt ut
2022: Spelemannslaget Fjelljom