Gnist-prisen 2024
Gnist-prisen vart oppretta våren 2017, og er ein pris som vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge. Gnist-prisen på 15 000 kr har som formål å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans.
Delt ut på Meisterkonserten
Gnist-prisen delast ut på Landskappleiken, og vart i år delt ut i samband med Meisterkonserten i ein fullsett idrettsarena på Gol. Det var Mari Andrea Ness som tok i mot prisen.
Her er juryen si grunngjeving for prisvinnarane i 2024:
Årets vinnarar av Gnist-prisen er eit lag som har jobba aktivt og målretta for å få opp att danseaktiviteten i laget etter pandemien. Dei har blant anna arrangert opne dansekveldar for born og unge i barneskulealder, der over 20 unge møter opp jamnleg på øving. Dette utgjer 60% av elevtalet ved skulen i bygda!
Vinnaren har over fleire år jobba med å ta fram att den lokale springaren frå gløymsla. Eit synleg resultat av dette arbeidet er at springaren igjen vert dansa av born og unge både på kurs og kappleikar. Dette gode rekrutteringsarbeidet i laget har ført til ei medlemsauke på 50% frå 2022 til 2023.
Årets vinnar av Gnist-prisen har klart å bygge opp eit levande og inspirerande folkedanstilbod for born og unge i Sunnfjord.
Det er med stor glede at vi vil gje Gnist-prisen 2024 til Gaular Spelemannslag!
Prisen er gjeven av Gnistfonden for Unge
Det er Gnistfonden for Unge som gjev prisen. Eva Fischer fortel om bakgrunnen for opprettinga av prisen: ” Min erfaring er at folkedansmiljøet er et godt miljø for barn og unge, og vi har derfor lyst å støtte opp om det. Dette ved å gi penger til lag som jobber med både nivå og læringsmiljø i laget sitt. Lagene er en arena der en får opplæring, utvikler seg sammen, og der en kan føle seg hjemme. Det er viktig at barn og unge som driver med folkedans har et lag der alle har en plass, uansett ferdigheter og ambisjonsnivå.
Ungdommer er en sårbar aldersgruppe, og det er viktig at lagene jobber slik at de tar vare på dem. Ungdommene er også forbilder for nye dansere, og derfor viktige i rekrutteringsarbeidet. Det er motiverende at flere driver med samme hobbyen på en plass, og at man har et lag som er kjekt å være med i.”
Gnistfonden for Unge er oppretta av Eva, Nikolaj og Silje Fischer. Fondet er på DKK 4 millionar og skal delast ut i løpet av dei neste 10 åra. Fondet har som formål å hjelpe unge med utfordringar gjennom inkludering i dansk og/eller norsk kultur, og er ikkje avgrensa til å berre gjelde dans, song og kunst.
Fondet skal mellom anna støtte prosjekt med fokus på integrering av unge flyktningar og støtte ulike prosjekt, organisasjonar o.l. som har som formål å hjelpe unge med ulike, fysiske og/eller psykiske utfordringar. Fondet har eit vidare fokus på internasjonale prosjekt, der unge kan bli kjent med kvarandre på tvers av landegrenser og ulike kulturar.
Tidlegare vinnarar av Gnist-prisen:
2017: Hugnad Ungdomslag
2018: Gransherad Spel og dansarlag
2019: FolkemusikkUNG
2020: Leikarringen i BUL Oslo
2021: Ikkje delt ut
2022: Spelemannslaget Fjelljom
2023: Fuglen
Foto: Ole Johs Brye