Hauk Buen døydde måndag 1. mars, 87 år gamal. Ein kjempe i Noregs musikksoge er gått bort. Det gjekk alltid eit sus av forventning og respekt gjennom salen når storspelemannen og mennesket Hauk blei annonsert. Slåttespelet i Jondalen og Telemark blei gjennom Hauks tolkingar lyfta til nye høgder for elskarar av god musikk. I 1991 blei Hauk Buen utnemnd til heidersmedlem i Landslaget for spelemenn, og han var også heidersmedlem i Norsk folkemusikk- og danselag. FolkOrg heidrar minnet etter denne store utøvaren, tradisjonsformidlaren og stilskaparen.


Styret og administrasjonen
FolkOrg

 

Hauk Buen til minne
Hauk Buen vann Folkelarmprisen i kategori solo, for utgjevinga Hauk Buen 80 år, under Folkelarm i 2013.