Noreg var i 2024 partnarland under Showcase Scotland i Glasgow. Showcase Scotland er eit bransjetreff og ein del av Celtic Connections Festival Glasgow’s årlege folk, roots og world music festival.
Seks artistar fekk ei unik sjanse til å vise seg fram framom 170 av dei viktigaste bookarane og bransjepersonane i Europa. Desse artistane var Gabba, Erlend Viken Trio, Alexander Aga Røynstrand, Gangar, Ævestaden og Julie Alapnes.
Partnarskapet med Showcase Scotland avsluttast i 2025, og det er no Hekate som får mogelegheit til å vise seg fram for bransjedelegatane som deltek på Europas største bransjetreff innafor vår genre.
Konsert og mottakelse med showcase
Showcase Scotland er Europas største bransjetreff for folk, roots og verdensmusikk, og arrangerast parallelt med Celtic Connection i Glasgow. Showcase Scotland inngår kvart år parnerlandavtaler, og i 2024 var det Noreg som var offisiell partnar.
Torsdag 23. januar blir det arrangert mottakelse der FolkOrg skal takke for samarbeid og partnarskap i 2024. Hekate er plukka som artist og får ei unik mogelegheit til å syne seg fram for eit interessert, kunnskapsrikt og ei nysgjerrig musikkbransje under ein eigen norsk showcase under mottakelsen. Denne showcasen er eit lukka arrangement, der Showcase Scotland handplukker 150 – 200 delegatar.
Mottakelsen arrangerast av FolkOrg i samarbeid med Music Norway og Generalkonsulatet i Edinburgh. Den norske delegasjonen som er til stades i Glasgow har som fokus å tilrettelegge for artistane og hjelpe til med å oppnå bookingar til festivalar internasjonalt og god medieomtale.
I tillegg til showcasen på Showcase Scotland, vil Hekate spele ein konsert på Celtic Connections.
Celtic Connections er ein av dei største og flottaste folkemusikkfestivalane i verda. Ta ein titt på programmet til Celtic Connections her.
Foto av Hekate, fotograf: Guro Sommer
Gangar var ein av artistane som spelte på Showcase Scotland og Celtic Connections i 2024. Her frå Folkelarm i 2022. Foto: Anders Lillebo