FolkOrg stør sjølvsagt opp om prosjektet Hele Norge synger!
Vi er så heldige at vi har svært mange dyktige songarar i landet vårt, og mange av desse er heldigvis opptekne av å halda folkesongtradisjonane våre ved like. Her er ein flott bukett med nokre av desse, og vi vil med dette oppfordre alle til å syngje med den stemma de har, der de er! Hugs å tagg med #helenorgesynger når de deler song-gleda i sosiale medier!
Tusen takk til
Aasmund Nordstoga, Camilla Granlien, Eli Storbekken, Jon Anders Halvorsen, Kim Rysstad, Kirsten Bråten Berg, Liv Ulvik, Margrete Nordmoen, Mari Midtli, Sigrid Kjetilsdotter Jore, Sigrid Randers-Pehrson, Synnøve Brøndbo Plassen og Unni Boksasp
Det er Pål Bratås og Fabelaktiv som har laga filmen på oppdrag frå FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans.
Sjå filmen her
Du kan sjå og høyre «No livnar det i lundar» med det splitter nye «FolkOrgkoret» både på facebook og på YouTube, som er lenka under her: