FolkOrg har i langt tid arbeidt for å få meir folkemusikk og folkedans inn i kulturskulen og i langtidsplanen står det mellom anna at FolkOrg si målsetting er å gjere det:

"(...) attraktivt å utøve, formidle og undervise i folkemusikk og -dans."

og

"å auke interessa for og kunnskapen om folkemusikk og –dans."

Kulturskulen er i dag den største aktøren for opplæring av barn og ungdom i musikk og dans. Tilbodet om undervisning i folkemusikk og folkedans varierar, og er mange stader fråverande. Dette ønsker FolkOrg å gjere noko med, mellom anna ved å etablere ein idébank for deling og utveksling av idear og erfaringar om gode samarbeid mellom lokallag og kulturskulen.

Idébanken til FolkOrg er meint som eit levande arbeidsverkty for kulturskular, lokallag, pedagogar, folkemusikarar og folkedansarar som ønsker å undervise i kulturskulen. Tanken er at idébanken etter kvart kan fyllast med gode eksemplar og  idear til samarbeid, undervisningsmodellar, produksjon, framføring og formidling av folkemusikk og/eller folkedans rundt om i landet.