Eit formalisert medlemskap gjer det enklare å halde oversikt over medlem og kontaktpersonar. Både i avtaleforhandlingar og politisk arbeid er det nyttig å vise til eit formelt medlemskap, og dess fleire arrangørar som er medlem hjå oss, dess sterkare stiller vi i desse forhandlingane.
FolkOrg er medlem av Arrangørforum, eit nettverk beståande av ulike musikkorganisasjonar som har arrangørar som medlem, herunder: Norske Konsertarrangører, Norsk jazzforum, Klassisk, Norske festivaler, Norsk blues Union, Norsk viseforum, Norsk Kulturhusnettverk og nyMusikk. Gjennom dette nettverket gjer vi mykje politisk arbeid både for arrangørfeltet som heilskap og for folkemusikkfeltet.
Formaliseringa av medlemskap var eitt av punkta under nettverksmøtet for folkemusikkarrangørar under Folkelarm 2018 og på Landsmøtet 2019 var det vedteke følgande:
- FolkOrg opnar for at arrangørar av konsertar med folkemusikk og dansefestar, og folkemusikkfestivalar kan melde seg inn i FolkOrg. Nettverket for folkemusikkarrangørar vil opphøyra i den form det har i dag, og vi vil lage møteplassar for arrangørmedlemmer.
Medlemsfordelar:
- Arrangørar som er medlem i FolkOrg vert dekt av Norsk Musikkråd si TONO-avtale
(gjeld for heilårsarrangørar)
*For å vera dekt av denne avtala må du vera innmeldt som medlem innan 30. juni eller 31. desember. - Folkemusikkarrangørar kan søkje om mellom anna Momskompensasjon og FriFond-midlar gjennom medlemskapet sitt i FolkOrg.
* For å kunne søkje om momskompensasjon må ein ha vera registrert som medlem innan 31.12 året før ein søkjer og i tillegg vera registrert som medlem i Frivillighetsregisteret. - Forsikring gjennom FolkOrg til arrangement
- Gratis delegatpass til Folkelarm (eitt pass per arrangør)
- Deltaking på FolkOrg sitt Landsmøte
- Avtaleforhandlingar og politisk arbeid gjennom FolkOrg
- Rådgjeving
Medlemskontingent:
Slik det vart vedtatt på Landsmøtet i 2019 betalar arrangørane 1% av omsetninga som medlemskontingent. Der er min.prisen 800 – og maks.prisen 3000.
Meld deg inn no gjennom søknadsskjemaet nedst på sida.