Jubileet er opna!

FolkOrg sitt 100 årsjubileum, og Folkedansens og folkemusikkens år blei høgtideleg opna av Kultur – og likestillingsminister Annette Trettebergstuen under eit opningsarrangement laurdag 11. februar.

FokOrg inviterte vinnarane av Folkelarmprisen i 2022 til å opptre under opningskonserten. Blant dei som opptrådde var Synnøve Brøndbo Plassen, Eir Vatn Strøm, Tuva Færden og Johanne Flottorp, og Over Stok og Steen. Det var danseinnslag med tidligare og nåværende dansare frå BULder og Brak, og danseparet June Thorsen og Kjell Nomeland frå Setesdal. NMH sitt Folk Big Band hadde verdspremiere under opningskonserten.

100 årsjubileet har fått sin eigen jubileumsslått, komponert av Øyvind Sandum. Denne vart laurdag urframført fyrst av Ronny Kjøsen, Thomas Lomundal og Thomas Nilssen, og deretter som konsertens felles avslutningsnummer.

Både styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan og varaordfører i Oslo Abdullah Alsabeegh held opningstalar, og etter konserten vart det dansefest på Intimscena på Riksscenen.

Det blei ei verdig opning av jubileet, ein skikkelig festkveld med ein flott opningskonsert og god dansefest etterpå. Regi og produsent for konserten var ved Andreas Ljones på Riksscenen, i samarbeid med prosjektleiar for jubileet og FolkOrg si jubileumsnemnd.

Besøk vår flikr-konto HER for å sjå fleir bildar frå opninga av jubileet.

Vi gler oss til forsetjinga!