Juni, juli og august er høgsessong for festivalar. I alt mylderet av festivalar finn du dei to arrangementa som FolkOrg forvaltar og driv: Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
1015 enkeltpersonar skal tevle på Landskappleiken
Onsdag 26. juni byrjar Landskappleiken på Gol, og rekordmange folkemusikarar og folkedansarar er påmeldt for å delta på årets store folkemusikalske høgdepunkt. Landskappleiken strekkjer seg over fem dagar og er fylt med tevlingar i 40 ulike greiner, konsertar, dans på fleire gulv, kurs og program for både store og små. Sjå meir her: https://www.landskappleiken.no/rekordpaamelding-til-landskappleiken-paa-gol.6670285-573724.html
Offisiell opning ved Kultur- og likestillingsministeren
Landskappleiken blir offisielt opna av Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery onsdag kveld. Med rekordpåmelding, er det venta storinnrykk på Gol av deltakarar og publikummarar frå heile landet. Totalt 1015 enkeltpersonar har meldt seg på kappleiken. Mange stiller i fleire klasser, og det er vorte meldt på heile 1830 enkeltdeltakingar fordelt på 564 startnummer. Dette er 41 startnummer fleire enn rekorden frå Landskappleiken i Vågå i 2019.
Kongepokal i klassa for Vokal folkemusikk
Vi er stolte og audmjuke over at H.M Kongen også i år gjev oss moglegheita å dele ut Kongepokal. I år vert Kongepokalen sett opp i klassa for Vokal Folkemusikk. Vinnarane av pokalen vert avgjort etter ein eigen finale laurdag kveld, og kven som til slutt blir vinnaren av Kongepokalen får vi vite under Meisterkonserten sundag formiddag.
Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Vestnes
Det er ikkje kvart år eitt av dei store mønstringane våre blir arrangert på ein heilt ny plass. Men det skjer i år: Velkommen til Landsfestival på Vestnes 31. juli - 4. august. Hovudarenaen blir Vestneshallen ved Helland skule. Velkomne til Vestnes og Møre og Romsdal.
Påmelding pågår
Det er alltid spennande kor står påmelding det er på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. I og med at det er ulike arrangørar kvart år, så er det ulik reiseveg og ulike overnattingsmoglegheiter kvart år. Det ser ut som om mange kjem til Vestnes, og det er gledeleg både for miljøet og for lokal arrangør. Men det framleis moglegheit for å melde seg på. Meld deg på her: Påmelding til Landsfestivalen 2024
Ekstrapremiar til vinnar av klassa Gruppespel
Vinnar av gruppespel på Landsfestivalen får både tilbud om å kome til Førdefestivalen året etter og tilbud om å bli Folkelarm-artist i november. Nytt av året: Både andre- og tredjeplass i gruppespel får tilbud om å kome til Folkelarm. Meir om dette finn du her: https://www.landsfestivalen.no/premiar-til-dei-beste-i-klassa-gruppespel-paa-landsfestivalen.6675324-578454.html
VELKOMNE PÅ LANDSKAPPLEIKEN OG LANDSFESTIVALEN I GAMMALDANSMUSIKK
FAKTA om Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk
FolkOrg eig og forvaltar Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Det betyr at det er alle medlemane som i lag eig desse arrangementa. Kvart år er det eit lokallag - anten aleine eller i samarbeid med andre - som tek på seg å vere arrangør. Dette er ein stor jobb og eit stort ansvar, men er også eit arbeid som gjev rekruttering og motivasjon, og ikkje minst store ringverknader for heile lokalsamfunnet. Det er eit mål om at lokallaget skal sitje att med ein sterk økonomi for å arbeide vidare med rekruttering av aktivitetar i åra etter. Som forvaltar av arrangementa har FolkOrg ansvaret for å legge best mogleg tilrette for at lokal arrangør får dei beste tilhøva. Det er styret og landsmøtet i FolkOrg som set premissa, og har ansvaret for tevlingsreglementet og for å utnemne dommarar. Administrasjonen som står for vegleiing, rådgjeving og bistand inn mot lokal arrangør i eit tett og godt samarbeid. Landsfestivalen i gammaldansmusikk, Landskappleiken og alle arrangement som FolkOrg har ansvar for skal vere trygge, gode og inkluderande arrangement. Alle arrangementa skal følgje FolkOrg sine Retningsliner for eit trygt sosialt miljø.