Nye rutiner for utøvarlag
FolkOrg hadde fram til 1. januar 2024 ei rammeavtale for TONO-vederlag gjennom Norsk Musikkråd. Gjennom denne avtala har alle lag og heilårsarrangørar som er medlem i FolkOrg fått dekt TONO-vederlag for konsertar opp til ein viss storleik. TONO har diverre ikkje vidareført rammeavtala for utøvarlag i 2024, noko som gjer at utøvarlag (lokallag og områdelag) i FolkOrg må forhalde seg meir til TONO enn tidlegare.
Frå 1. januar 2024 må lag i FolkOrg søke om TONO-tillatelse for kvar konsert der lagets medlemer er utøvarar. Der det tidlegare berre har vore naudsynt å rapportere til TONO etter endt konsert må alle lag no også søkje om tillatelse FØR konsert.
Her kan du lese meir om dei nye TONO-rutinene for lag i FolkOrg.
FolkOrg refunderer TONO-utgiftene
Ettersom TONO-avtala har vore eit gode for våre medlemer ynskjer FolkOrg framleis at lokallag skal sleppe å betale TONO-utgifter. Styret i FolkOrg har derfor bestemt at FolkOrg skal dekkje TONO-utgiftene for sine lokallag og områdelag.
Lag som har søkt om løyve i samband med konsertar, kan no søkje om kompensasjon for TONO-utgiftene. Kravet for å få kompensert TONO-vederlaga, er at dei har fått søkt i forkant og fått løyve frå TONO til dei aktuelle konsertane.
Denne medlemsfordelen gjeld sjølvsagt berre for konsertar der laget sjølv er både arrangør og utøvarane er medlemmar i laget. Ein kan ikkje søkje kompensasjon for ein konsert som lokallaget har arrangert med eksterne artistar på scena.
Lag kan søkje FolkOrg om kompensasjon for TONO-utgifter to gonger i året. Neste runde for kompensasjon av TONO-utgifter andre halvår 2024, blir i februar 2025.
I søknadsskjemaet under kan lag sende inn ein søknad om opptil tre konsertar. Har laget arrangert fire eller fleire konsertar, lyt ein sende inn ein ny søknad for desse.
Søknadsfristen for fyrste halvår 2024, var 23.september.
Lurar du på noko i samband med søknaden?
Ta kontakt med Live Visdal i FolkOrg - live@folkorg.no / 974 15 515.