Tekst: Pressemelding/Redaksjonen.
Festivalen opnar torsdag 7. august med urframføring av det nyskapande tingingsverket Istem, komponert av Vegar Vårdal med Ottar Kåsa som solist. Verket blir framført av ein heilt spesiell strykekvintett – der alle instrumenta har understrenger. Det har aldri skjedd før, og gir rom for ein heilt ny klangbotn. Musikken spenner mellom kammermusikk og slåttetradisjon, med hovudvekt på lydarslåttar frå Telemark. Kåsa har sjølv bygd både hardingfeler, hardingbratsj og hardingcello som vert nytta i konserten.
Medverkande:
Ottar Kåsa, Vegar Vårdal, Nora Taksdal, Sivert Holmen, Johannes Martens
Konsertfyrverkeri på Kroa i Bø
Anne Gravir Klykken, Jon Solberg og Anders Røine held konsert på Konsertlåven fredag ettermiddag. Her møter nye låtar gamle arkivopptak, og norsk folkemusikk får selskap av amerikanske impulsar – blant anna i form av Hank Williams-låtar på langeleik.
Seinare på kvelden er det klart for Folkemusikkens fredagsfyrrverkeri på Kroa i Bø. Her får publikum servert fleire konsertar på ein billett, med høg energi og store kontrastar:
Pumpegris blandar slåttar med pop, punk og vestafrikanske rytmar – og tek folkemusikken med ut på dansegolvet.

Ævestaden + Kanaan presenterer det kompromisslause samarbeidet Langt, langt vekk – ein psykedelisk eksplosjon av kraviklyre, tunge gitarar og fleirstemt vokal, der tradisjon og eksperiment smeltar saman.
Medverkande Pumpegris: Vera Sonne, Astrid Garmo, Trygve Liahagen, Mikkel Bjørneboe, Jon Espelid
Medverkande Ævestaden/Kanaan: Kenneth Lien, Levina Storåkern, Eir Vatn Strøm, Ask Vatn Strøm, Ingvald André Vassbø, Eskild Myrvoll
Musikk, samtale og historieforteljing
Laurdagen startar med fagleg djupne: Laura Ellestad samtalar med Anne Svånaug Blengsdalen om norsk-amerikansk hardingfeletradisjon ved Bø Bok og Papir. Ellestad har nyleg disputert som den første folkemusikaren med doktorgrad frå NMH.
På Bø hotell held Knut Buen og Halvor Kleppen temakonserten Frå Telemark til Amerika, der dei fortel emigranthistorier – med musikalsk tonefølgje frå mellom anna Knut Reiersrud, Mattis Kleppen, Anne Gravir Klykken og Laura Ellestad.
Kurs og konsert på Evju
Søndagen byr på kurs i kveding, munnspel, blågras-gitar og plantefarging, før felemakartradisjonen vert løfta fram i konsertføredraget Olaf G. Helland i ord og tonar, med Kjell Christian Midtgaard og Lars-Ingar Meyer Fjeld.
Festivalen rundast av med årets Borgjakonsert på Evju bygdetun, der Ottar Kåsa og Laura Ellestad tek publikum med på ei musikalsk reise mellom norsk og norsk-amerikansk hardingfelespel.

Telemarkfestivalen 2025 lovar musikalske augneblinkar i verdsklasse – både for dei som vil danse, lytte, lære eller diskutere. Festivalen skapar rom for både det nyskapande og det tradisjonstunge, og feirar den levande hardingfela frå Telemark – både heime og på tvers av Atlanteren.
Festivaldatoar: 7.–10. august 2025
Festivalstad: Bø i Telemark
Fullt program og billettar: telemarkfestivalen.no
