FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans vart stifta laurdag 21. november 2009 som ein samanslutning av Landslaget for Spelemenn (stifta 1923) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (stifta 1987).

Organisasjonen har i dag omlag 4500 enkeltmedlemmer og 150 lokale spel- og danselag. Organisasjonen har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse. 


VISJON
«Vi vil engasjere medlemmer og publikum gjennom å vise mangfald, eigenart, aktivitet, musikkglede, danseglede, og framstå som ein livskraftig, moderne kulturorganisasjon med røter i tradisjon»



 FolkOrg vil sikre best moglege vilkår for lag, utøvarar og arrangørar. Dette er med på å sikre høgt kunstnarleg nivå, god rekruttering, breidd og vidareføring av tradisjonane på området.

Vi har desse måla:

Folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg står sterkt.
Det er attraktivt å utøve, formidle og undervise i folkemusikk og -dans.
Det er attraktivt å arrangere kappleikar, kurs, konsertar og dansefestar.
Det er attraktivt å delta på arrangement og kappleikar.
 

Folkemusikken og –dansen i Noreg er kjent og synleg nasjonalt og internasjonalt
Det er auka interesse for og kunnskap om folkemusikk og –dans.
Det er auka omtale og bruk av folkemusikk og -dans.
FolkOrg er ein viktig ressurs på folkemusikk og -dansefeltet.


Kompetansen og erfaringa til medlemmene blir nytta og gjord synleg.
Det er attraktivt å vere medlem i FolkOrg.
FolkOrg er ein tydeleg og synleg kulturpolitisk aktør
FolkOrg er ein attraktiv samarbeidspartnar.
 


VEDTEKTENE
Vedtektene syner kva organisasjonen skal arbeide for, og korleis organisasjon skal drivast. Dette er grunnlaget for organisasjonen.

Sjå vedteker for FolkOrg (vedtekne av Landsmøtet 2023)

LANGTIDSPLAN
Dei kommande to åra er rekruttering, folkedans, informasjon og formidling særskilde satsingsområder for organisasjonen.

Langtidsplan 2023-2025 - vedteke på Landsmøte 2023


ÅRSMELDINGAR OG ÅRSMØTEPROTOKOLLAR

Her kan du lese alle Landsmøte/Årsmøteprotokollane til FolkOrg

Her kan du lese alle årsmeldingane til FolkOrg


STYRET I FOLKORG
Styret har om lag fem møter i året.

Her kan du lese alle styrereferata til FolkOrg

Her ser du kven som sit i styret i FolkOrg


ADMINISTRASJONEN I FOLKORG
Her ser du kven som arbeider i administrasjonen i FolkOrg