Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i åra som kjem!
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans eig arrangementa Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og har ansvaret for rammene for desse arrangementa, som begge er Noregs meisterskap innan sitt område. Det er lokallag i FolkOrg som er arrangørar av desse to arrangementa kvart år, noko som betyr at arrangementa fløtt til ulike stader i landet frå år til år. Når FolkOrg no inviterte lokallaga i organisasjonen til å søkje om å få tildelt arrangementa for åra 2027, 2028 og 2029 kom det svært gode søknadar frå ulike stader i landet. Fredag 28. mars tildelte styret i FolkOrg arrangementa til totalt 6 lokallag i organisasjonen for åra 2027, 2028 og 2029. 

-Vi er svært takksame for at lokallaga våre stør opp om desse viktige arrangementa våre, seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan. Det at vi får gode søkjarar til alle arrangementa tek vi ikkje som ei sjølvfølge, det er mykje arbeid og eit stort ansvar dei tek på seg når dei seier ja til å vere arrangør, seier Reitan. Ho legg til at sjølv om mange av dei omlag 150 lokallaga i organisasjonen ikkje har forutsetningar til å ta på seg arrangørrolla av ulike årsaker, så er det mange lag som stør opp om arrangementa gjennom deltaking og friviljugt arbeid. Landskappleiken og Landsfestivalen er heile organisasjonen sine arrangement, vi treng at alle er med for å skipe til gode opplevingar for alle og halde tradisjonane i hevd, avsluttar Reitan. 

Landskappleiken
Landskappleiken er noregsmeisterskapen i folkemusikk og folkedans. Det vert tevla i 40 klassar innan pardans, hallingdans, vokal, hardingfele, fele, durspel og eldre folkemusikkinstrument, i både junior-, senior- og eliteklasse. I tillegg til tevlingar kan lokal arrangør skipe til kulturprogram med konsertar og aktivitetar for born og familiar. Eit viktig fokus for Landskappleiken er at den sosiale dansen vert prioritert og tilpassa folk i alle aldrar. Landskappleiken er såleis eit svært publikumsvennleg arrangement, som årleg samlar omlag 5000 folkemusikarar, songarar, dansarar og ikkje minst publikummarar i 5 dagar i slutten av juni. Landskappleiken er eit arrangement med røter tilbake til 1896, då den fyrste Landskappleiken var arrangert i Bergen av Vestmannalaget. 

Styret i FolkOrg har tildelt arrangementa til følgande lokallag desse åra: 

Landskappleiken 2027: 
Voss spelemannslag 
Arrangørstad: Voss
Dato: 23.-27. juni 2027 

Landskappleiken 2028: 
Bø juniorspelemannslag 
Arrangørstad: Bø
Dato: 28. juni - 2. juli 2028 

Landskappleiken 2029: 
Vågå Spel- og dansarlag
Arrangørstad: Vågå
Dato: 27. juni - 1. juli 2029 

Arrangør for Landskappleiken 2025 er Hardanger Spelemannslag med arrangørstad Eidfjord, og arrangør for Landskappleiken 2026 er Setesdal Spelemannslag med arrangørstad Hovden. Desse to laga fekk tildelt arrangementa i ei tidlegare tildelingsrunde og er sjølvsagt godt i gang med planlegginga. 

Ein ungdommeleg kappleik i utvikling! 
-Dei siste åra har Landskappleiken vorte eit større arrangement, og fleire unge og ungdomar er med både i tevlingar og på arrangementet elles. Dette gjev meg stor tru på framtida til Landskappleiken, seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan. -Når vi no har tildelt arrangementet til tre lokallag med svært gode søknadar til arrangementet, og som i tillegg er geografisk spreidd i landet, nemleg Voss spelemannslag, Bø juniorspelemannslag og Vågå spel- og dansarlag, så er vi trygge på at utviklinga av Landskappleiken held fram, og at vi får oppleve fine Landskappleikar i åra som kjem, seier Reitan. 


Landsfestivalen i gammaldansmusikk
Landsfestivalen i gammaldansmusikk er Noregsmeisterskapen innan dans og spel for gammaldansmusikk/runddansmusikk.

Den fyrste Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986 og fokuset på festivalen er gammaldansmusikk, også kalla runddansmusikk. Landsfestivalen er bygd opp kring tevling, og det skal tevlast i 15 ulike klassar over fire dagar. Sidan musikken som det vert tevla i er dansemusikk, vert det tilrettelagt for at publikum kan danse allereie frå tevlingsstart på morgonen. I tillegg til tevling har Landsfestivalen fokus på kulturprogram, dansespel og sosialt samvære for folk i alle aldrar.  

Landsfestivalen i gammaldansmusikk vert tildelt følgande lag desse åra:

Landsfestivalen 2027: 
Tradisjonslaget i Kongsberg Trekkspillklubb og Numedal spel- og dansarlag
Arrangørstad: Lampeland 
Dato: 4.-8. august 2027 

Landsfestivalen 2028: 
Ål spel- og dansarlag
Arrangørstad: Ål
Dato: 2.-6. august 2028 

Landsfestivalen 2029: 
Verdal spellmannslag 
Arrangørstad: Verdal
Dato: 1.-5. august 2029 

Arrangør for Landsfestivalen 2025 er Oppdal Spell- og dansarlag og arrangør for Landsfestivalen 2026 er Vågå Trekkspelklubb. Desse to laga fekk tildelt arrangementa i ei tidlegare tildelingsrunde og er sjølvsagt godt i gang med planlegginga. 

Gammaldans er for folk i alle aldrar!
-Det er ingen tvil om at gammaldansen er populær for folk i alle aldrar, vi har hatt svært god påmelding til tevlingane dei siste åra og vi har tru på at dette fortset i åra som kjem, seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan. -Eg gler meg spesielt over at vi har fått heilt nye søkjarar til Landsfestivalen denne gongen, seier Reitan. For første gong skal vi få oppleve Landsfestival på Lampeland i Flesberg kommune. Her er det Tradisjonslaget i Kongsberg trekkspelklubb og Numedal Spel- og dansarlag som er arrangørar i lag. Ål Spel- og dansarlag vil invitere oss til Ål på landsfestival for første gong og Verdal spelmannslag ønskjer oss velkommen til Verdal på festival i 2029. Det er svært gledeleg at vi får oppleve gammaldansen på nye plassar, avsluttar Reitan. 

 

Følg med på www.landskappleiken.no for informasjon om Landskappleiken 

Følg med på www.landsfestivalen.no for informasjon om Landsfestivalen i gammaldansmusikk

 

Følg og arrangementa i sosiale medier: 

www.facebook.com/landskappleiken

www.facebook.com/landsfestivalen

www.instagram.com/landskappleiken

www.instagram.com/landsfestivalen