Alle medlemmer kan sende inn saker til landsmøtet
Alle medlemmer i FolkOrg har talerett og anledning til å sende inn saker til landsmøtet.

Frist for å fremje saker til landsmøtet er 15. januar 2025. 
Saker sendast til post@folkorg.no - og du/de får attendemelding på at saka er motteke. 



Om utsendingar til landsmøtet seier vedtektene:  

§6 Utsendingar til landsmøtet . Stemmerett på landsmøtet har:  
A) Utsendingar frå lokallag, gruppa av yrkesutøvarar eller faglag som er tekne opp som medlemmer og som har betalt kontingent for siste meldingsår innan 31. desember etter følgjande skala:  

a. Lag med inntil 30 medlemmer: 1 utsending 
b. Lag med 30-99 medlemmer: 2 utsendingar
c. Lag med 100-199 medlemmer: 3 utsendingar
d. Lag med 200-299 medlemmer: 4 utsendingar
e. Lag med 300-399 medlemmer: 5 utsendingar
f. Lag med over 400 medlemmer: 6 utsendingar

B) To utsendingar frå kvart faglag som i hovudsak har institusjonar som medlemmer

C) Ein utsending frå kvart områdelag

D) Styret og varamedlemmer for dei styremedlemmene som ikkje kan møte på landsmøtet

  • Einskildpersonar som ikkje står tilslutta noko lokallag eller faglag, har ikkje stemmerett.   
  • Det kan ikkje nyttast fullmakter. Kvar utsending kan berre representere eitt lag.  Alle medlemmer og tilsette i organisasjonen har talerett på landsmøtet. Styret kan invitere andre institusjonar og organisasjonar som observatørar med talerett til landsmøtet.»
  • Det er medlemstalet pr. 31.12.2024 som er grunnlaget for representasjonen til landsmøtet.
  • Alle utsendingar må ha gyldig medlemskap. Ta kontakt om de har spørsmål kring medlemskapen.

For spørsmål om landsmøtet ta gjerne kontakt
Aslak Brimi, dagleg leiar
aslak@folkorg.no


 


Styret i FolkOrg etter valet på landsmøtet 2023
Leiar: Hilde Reitan, Vågå
Nestleiar: Camilla Granlien, Lillehammer
Nestleiar: Kristian Ihle Hanto, Lunde i Telemark

Styremedlem: Thomas Nilssen, Løten
Styremedlem: Lene Furuli, Oslo
Styremedlem: Torfinn Hofstad, Verdal
Styremedlem: Tormod Kleiveland, Valestrandsfossen

1.vara: Anders Lunden Herfoss, Ål
2.vara: Helene Høye, Nesoddtangen
3.vara: Gro Skanke Raatama, Porsanger


Fagutval for yrkesutøvarar 
Mattias Thedens, Oslo
Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Oslo
Jon Bugge Mariussen, Oslo

Tilsynsnemnd 
Torunn Raftevold Rue, Seljord
Per Øyvind Tveiten, Tørvikbygd
Karolina Westling, Stokke

Valnemnda ​​
Nina Fjeldet, Målselv
Solveig Brekke Hauknes, Vågå
Per Anders Buen Garnås, Bø i Telemark


Her kan du lese protokollar frå tidlegare landsmøter

Her kan du lese årsmeldingar frå 2009 - 2023