Gnist-prisen 2020
Gnist-prisen vart oppretta våren 2017, og er ein pris som vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge.

Gnist-prisen er på 15 000 kr, og skal delast ut årleg t.o.m. Landskappleiken 2021. Formålet med prisen er å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans.

Gnist-prisen vert vanlegvis delt ut på Landskappleiken, men grunna avlysinga av årets Landskappleik er ikkje dette mogeleg i år. Årets Gnist-pris vart i 2020 offentleggjort under FolkOrg si Folkemusikksending laurdag 3. oktober.

Prisen er gjeven av Gnistfonden for Unge
Det er Gnistfonden for Unge som gjev prisen. Eva Fischer fortel om bakgrunnen for opprettinga av prisen:  Min erfaring er at folkedansmiljøet er et godt miljø for barn og unge, og vi har derfor lyst å støtte opp om det. Dette ved å gi penger til lag som jobber med både nivå og læringsmiljø i laget sitt. Lagene er en arena der en får opplæring, utvikler seg sammen, og der en kan føle seg hjemme. Det er viktig at barn og unge som driver med folkedans har et lag der alle har en plass, uansett ferdigheter og ambisjonsnivå.

Ungdommer er en sårbar aldersgruppe, og det er viktig at lagene jobber slik at de tar vare på dem. Ungdommene er også forbilder for nye dansere, og derfor viktige i rekrutteringsarbeidet. Det er motiverende at flere driver med samme hobbyen på en plass, og at man har et lag som er kjekt å være med i.”

Gnistfonden for Unge er oppretta av Eva, Nikolaj og Silje Fischer. Fondet er på DKK 4 millionar og skal delast ut i løpet av dei neste 10 åra. Fondet har som formål å hjelpe unge med utfordringar gjennom inkludering i dansk og/eller norsk kultur, og er ikkje avgrensa til å berre gjelde dans, song og kunst.

Fondet skal mellom anna støtte prosjekt med fokus på integrering av unge flyktningar og støtte ulike prosjekt, organisasjonar o.l. som har som formål å hjelpe unge med ulike, fysiske og/eller psykiske utfordringar. Fondet har eit vidare fokus på internasjonale prosjekt, der unge kan bli kjent med kvarandre på tvers av landegrenser og ulike kulturar.
Gnistfonden for Unge si stønadsordning har søknadsfrist 1. november. 

Her er juryen si grunngjeving for prisvinnarane i 2020:

Det er utruleg godt å sjå at det er mange her i landet som har eit varmt hjarte for dans for barn og unge. Mange lag inkluderer dansen i ei heilskapleg undervising av folkemusikk for dei unge, og dette er særs viktig for dansen i lokalmiljøet. I år har vi valt å gje prisen til eit lag som har dans som det berande elementet i laget, og dei har fleire dansegrupper for dei unge. Ungdomane får sjølv vere med på å setje premissane og vert tekne med på råd undervegs heile året.

Dei er godt støtta av dyktige instruktørar og ei aktiv foreldregruppe, men dei unge får sjølv lov til å påvirke korleis gruppa skal utvikle seg vidare. Ungdomane drar på turar til fleire av dei sentrale dansearrangementa i Noreg, og er på den måten med på å lage eit godt nasjonalt ungdomsmiljø for både pardans og halling. Gruppa har sjølv vore med på å arrangere ei stor barne- og ungdomsfestival, og med sitt positive engasjement er dei med på å halde oppe eit trygt og godt miljø på landsnivå.

Det er med glede vi vil gje Gnist-prisen for 2020 til «Leikarringen i BUL i Oslo» med «BULder og Brak» & «TrøBUL».

*

Ekstra midlar til alle nominerte i 2020
I tillegg til Gnist-prisen, har også Gnistfonden for Unge gjeve eit beløp som skal gå til eit felles sosialt tilbod for alle juniorane som deltek under Landskappleiken. Dette for å styrke fellesskapet for juniorane som deltek på Landskappleiken.

Ettersom Landskappleiken 2020 vart avlyst, har Gnistfonden for Unge bestemt at desse midlane i år skal fordelast på dei andre nominerte laga til Gnist-prisen 2020. Dei andre nominerte laga i 2020 i var:

  • Gjøvik Spelmannslag
  • Oppdal Spell- og dansarlag
  • Barnelaget i Bergen UL Ervingen
  • Spelemannslaget Laust & Fast


Tidlegare vinnarar av Gnist-prisen:
2017: Hugnad Ungdomslag
2018: Gransherad Spel og dansarlag
2019: FolkemusikkUNG