Gode folkemusikk- og folkedansinteresserte. 

Fyrst vil eg ynskje velkommen alle nye medlemar. Vi har hatt stor auke gjennom heile 2024, og det verkar å fortsette utover 2025. Vi har også sendt ei helsing heim til alle nye vaksenmedlemar som har kome nå på nyåret. Vonar boka fell i smak:) 

Landsmøtet er siste helga i april, og det er mykje som skal ordnast og styrast med. Landsmøtet er øvste organ i organisasjonen vår, og er ein viktig møtestad for både idemyldring, diskusjonar og debattar. Vi er glade for eit godt samarbeid både med Noregs Ungdomslag (som har årsmøte same helg) og Riksscenen for å lage eit godt program også utanom landsmøtet. Det blir inspirasjonsseminar og dansefest i BLS på fredag kveld i samarbeid med Noregs ungdomslag, og det blir dansefest på Riksscenen laurdag kveld. 

Og ikkje minst, på landsmøtet vil vi gjennom Eldsjelprisen nytte moglegheita til å heidre enkeltpersonar som har vore spesielt viktige i eit lokalmiljø. Og ikkje minst ynskjer vi med Lokallagsprisen å sette fokus på det gode arbeidet som lokallaga gjer, og vise fram gode førebilete for heile miljøet vårt. 

Det lir mot kappleik- og festivalsesong. Vi arbeider nå på spreng for å oppdatere påmeldingsprogrammet vårt, KappleiksAdmin, slik at påmelding Landskappleiken, Landsfestivalen og til alle lokalkappleikane skal vere lett for alle. Og ikkje minst utvikle det slik at arrangørane skal ha eit enda betre verkty i gjennomføring av kappleikane. Alle våre medlemslag kan få bruke KappleiksAdmin i gjennomføring av sine lokalkappleikar - dette er ei medlemsgode for lokallaga. 

Denne helga er det Nordic Folk Alliance i Uppsala. Dette er ein bransjetreff for nordisk musikk, med både seminar og showcasekonsertar. Frå Noreg er det to to artistar som er juryert ut: Duoen Bjørn Kåre Odde/Espen Wensaas og trioen ULD. 

Så minnar vi om at alle lokallaga våre må sende inn årsrapporten i Styreweb. Det er styreleiar eller nokon andre i styret som har ansvaret for dette. Årsrapporten er viktig for oss når det kjem til rapportering inn til tilskotsgjevande myndigheiter. Og når det gjeld rapportar så ser vi at FolkOrg sine medlemslag nærmar seg å få utbetalt tilsaman 1 million kroner frå Musikkens studieforbund i løpet av eit år! Det er veldig bra! Dette er midler som alle lokallaga - både spelmannslag og danselag - kan få ved å registrere seg, og derifrå rapportere på øvingar. 

Det er mykje som skjer framover, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Følg med på www.folkarr.no, der får du god oversikt. 

Vi ynskjer alle medlemar ein solfylt vår! 

Helsing Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg

 

HILDE FJERDINGØY ER NY RÅDGJEVAR I FOLKORG

FolkOrg er veldig glade for å ha ein ny rådgjevar i hus: Hilde Fjerdingøy. Ho skal vere rådgjevar for yrkesutøvarane, men skal også bidra på fleire andre område i organisasjonen, mellom anna informasjonsarbeid og ulike prosjekt vi har. Fjerdingøy er folkemusikar og toraderspelar og har fleire band og prosjekt. Ho har og jobba mykje med undervisning i folkemusikk og toradar, blant anna ved Noregs musikkhøgskole. Vi ynskjer Hilde velkomen på laget. 

LANDSMØTE I FOLKORG 25.-27.APRIL

Landsmøtet blir i Røde Kors-huset laurdagen og søndagen, berre ein kort gåtur frå Riksscenen. Årsmøtemiddagen blir laurdag ettermiddag på restauranten Olympen (for dei ekstra vakne så ser ein da at landsmøtemiddagen er flytta frå der den fyrst var planlagt). Laurdag morgon blir det landsmøteseminar. Det blir eitt seminar for lokallagsarbeid, med fokus på søknadsskriving og styreweb. I tillegg blir det eit seminar om Landskappleiken og Landsfestivalen med eit blikk framover - med fokus på at arrangementa skal vere møteplassar på tvers av generasjonar. Det blir her presentasjon av det arbeidet som har vore gjort i arbeidsgruppa leiar av Kari Nilssen. 
 
Alt om landsmøtet - med sakspapir, program, osv - finn du HER
 
ÅRETS MEDLEMSKONTINGENT
 
Det er tida for å betale medlemskontingenten til både lokallaget og FolkOrg sentralt. Fakturaen er enten sendt ut eller er i kjømda rett rundt hjørnet. Dei fleste får den som EHF direkte i nettbanken. Men om du ikkje har ordna dette som moglegheit i nettbanken din, så blir fakturaen sendt som epost til den adressa som er registrert hos oss. Så om du ikkje har fått faktura før påske, kan det vere eit tips å sjekke søppelpostkassa. På fakturaen er også forsikringsordninga du eventuelt har. Faktura på abonnement på bladet Folkemusikk kjem seinare.
 
Det er viktig at dersom noko er feil på fakturaen du har fått nå, eller du har ynskje om å endre noko, så men gje beskjed til Jorun og ikkje berre endre sum ved innbetaling. Da kan vi få korrigert og sendt ut ny og endra faktura. Og er det slik at du mot formodning tenkjer å melde deg ut, så er det fint om du sender beskjed om utmelding slik at det ikkje berre blir liggjande ein ubetalt faktura. 
 
Alle henvendelser om medlemskap sendast til jorun@folkorg.no. 
 
SILJE ONSTAD HÅLIEN SOM ÅRETS AMBASSADØR FOR DANSENS DAGER 2025
 
Dansar og koreograf Silje Onstad Hålien er ambassadør for Dansens Dager 2025. Dansens dagar er siste helga i april, same helg som vårt landsmøte. Det er stor stas at det folkedans som står i fokus i år. I samband med å vere ambassadør har Silje koreografert ein Dansens Dagar-dans - som vi håpar vil gå som ein farsott gjennom landet gjennom heile året. Vi gler oss over at folk over heile landet får oppleva folkedans gjennom det komande året. Det er også slik at alle dansearrangement i perioden 25.-29. april kan legges inn på Dansens dagers kalender, og ikkje minst bruk #DansensDager2025. Det er jo ekstra stas å koble på folkedansarrangement i år når vi har ein folkedansar som ambassadør. 
 
FOLKEMUSIKKEN OG FOLKEDANSENS DAG - EUROPEAN FOLK DAY - DEN 23. SEPTEMBER
 
Ideen bak ein felles europeisk folkemusikk- og folkedansdag er å vise kor mange menneske over heile Europa som er involvert, på ein eller annan måte, i utøving av tradisjonell musikk og dans. Vi oppmodar alle våre lag og medlemar til å legge føre inn øvingar, konsertar eller andre arrangement som skjer rundt den 23.september i dette europeiske kartet over arrangement: https://www.europeanfolkday.eu/participate/ 
 
TILSKOTSORDNINGAR OG PRISAR
 

I desse dagar nærmar det seg frist for FolkOrgs Aktivitetstilskot, med siste frist 11. april. Dette er ei ordning som FolkOrg brukar eigne midlar til, og som skal vere ei lågterskel-tilskotsordning som kome medlemane våre til gode. Sjå meir her: FolkOrgs aktivitetstilskot

Vi har fått ei ny runde med ordninga Økt deltakelse i musikkorganisasjonene i 2025. Dette gjer at vi også i 2025 kan gje tilskot til lokallaga som kan støtte juniorar som vil reise og stille på LK og LF. Vi kjem attende med meir info om dette utpå våren. 

Gnist-prisen er utlyst! Gnist-prisen vart oppretta våren 2017, og er ein pris som vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge. Prisen er på 15 000 kr, og delast ut årleg på Landskappleiken. Formålet med prisen er å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans. Sjå utlysinga her

BLADET FOLKEMUSIKK

Vi i FolkOrg vonar flest mogleg av medlemane våre held bladet! Per nå ser vi at det er overaskande mange medlemar som ikkje gjer dette, og det ynskjer vi å gjere noko med. Bladet Folkemusikk er det einaste bladet som har einefokus på folkemusikk og folkedans. Det er det einaste bladet som har fullt fokus på vårt miljø. Vi vonar at enda fleire blir med og støtter opp om det journalistiske arbeidet på folkemusikk- og folkedansfeltet. Som medlem får du eit heilt års abonnement for berre 400 kr - det meiner vi er ein GOD pris for fire eksemplar av eit innhaldsrikt høgkvalitetsblad om folkemusikk- og folkedansfeltet. Gå inn her for å tinge.  
 
Veit du om nokon som burde halde bladet? Kva med å gje bort eit abonnement som gåve? Ta kontakt med Jorun for ordning av dette: post@folkorg.no.
 

FOLKELARM 2025

Folkelarm hadde frist for å søke om showcase nå i februar. Ved frist var det over 160 som har søkt! Det viser at det er mange artistar som er interesserte. Juryen jobbar nå på spreng for å velge ut årets artistar. Folkelarm er ein viktig arena for artistane innan folkemusikk og folkedans. Men det er også ein viktig arena og møteplass for arrangørane våre. Det er mellom 40 og 50 folkemusikkarrangørar som produserer konsertar og forestillingar. Men Folkelarm er også ein viktig møteplass for heile folkemusikkmiljøet. Det er dansefest, konsertar, seminarar, workshops, dansekurs og Folkelarmprisen - mykje som er interessant for mange fleire enn dei som jobbar fulltid med dette. I år er Folkelarm 13.- 16. november i 2025, på Riksscenen i Oslo. For lokallaga håpar vi mange kjem på rekrutteringsseminaret som blir 15. november. Dette er ei veldig nyttig samling for alle lokallag som ynskjer å få tips og gode råd om rekrutteringsarbeid. Folkelarmprisen er på kvelden same dagen. Sett av helga! 

TREFFPUNKT FOR YRKESAKTIVE FOLKEMUSIKARAR OG DANSARAR

FolkOrg ynskjer å samle yrkesutøvarmedlemmene til faste digitale møter. Forslag til tema for de digitale møtene kan sendast til: hilde@folkorg.no. Vårens siste digitale møte er tysdag 8. april kl. 17.00. Tema: Historietime med Lene Furuli - Frå NFD og LfS til FolkOrg. 

Etter stor oppslutning på felles kontordag under festivalen DANS, DANS, DANS på Riksscenen i januar, gjentek me suksessen. Me inviterer yrkesutøvarmedlemmene til felles kontordag torsdag 8. mai i FolkOrg sine lokaler i Møllergata 39 kl 9-15. Denne dagen er for dei som som kan tenkja seg ein arbeidsdag med sosialt påfyll og tilgang på ulike ressursspersonar som ein kan rådgje seg med. Påmelding til hilde@folkorg.no.

KVEN SKAL ARRANGERE LANDSKAPPLEIKEN OG LANDSFESTIVALEN I ÅRA FRAMOVER

Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal vere gode møteplassar for song, spel og dans. Det skal vere mønstring og tevling, og den sosiale dansen og spelet skal stå i høgsetet. I åra framover treng vi framoverlente, engasjerte og dyktige arrangørar. I år skal vi til Eidfjord og til Oppdal, neste år til Hovden og til Vågå. 

Nå har styret i FolkOrg tildelt Landskappleiken og Landsfestivalen for åra 2027 til 2029. Det var oversøking på båe arrangementa, noko som viser stort engasjement og vilje til å vere med å dra lasset. 

Landskappleiken vert arrangert på Voss i 2027, Bø i 2028 og i Vågå i 2029. Landsfestivalen i gammaldansmusikk vert arrangert på Lampeland i 2027, Ål i 2028 og Verdal i 2029. 

Vi gler oss! 

LAST NED GNIST-APPEN - OG MEDLEMSFORDELER

I GNIST-appen ser du medlemsbeviset ditt, og finn sjølvsagt medlemsnummeret ditt her. Du kan også oppdatere epostadresse osv. Vi får ganske mange feilmeldingar ved utsending av epost til medlemmene våre, så fint om du kan gå gjennom og sjå at kontaktinfo er korrekt: Gå på meny-knappen oppe til venstre inne i appen (den med tre streker). Så trykker du på “Profil”, deretter oppdaterer du epost-adressa di. Jo fleire som gjer denne oppdateringa, jo betre for både oss sentralt, men også for lokallaga som også kan nytte StyreWeb til å sende ut meldingar.

Det er også viktig at lokallagene legg inn styremedlemmer i laget i Styreweb. På denne måten får vi i FolkOrg oversikt over kven vi skal ta kontakt med dersom det er noko, og at styremedlemmene får den riktige informasjonen og dei riktige invitasjonane.  

Vi nyttar høvet og minnar om alle medlemsfordelane som du har ved å vere medlem i FolkOrg. Treng du tilgang til eit noteprogram? Ynskjer du å prøve The Folk Music Academy? Sjekk ut alle medlemsfordelene våre her her

Har du eit forslag til gode medlemsfordeler? Send oss gjerne på post@folkorg.no.