Gode FolkOrg-medlemar

FolkOrg er for oss som har kjærleik og engasjement for songen, dansen og spelet. Og det er fleire og fleire som vil vere med, noko som er særs gledeleg. Ikkje berre det, også i media er det fokus på kor bra det vi driv med er. Seinast nå førre veke under festspela i Bergen. Av alt det store og flotte programmet som var, kva var det som vart synt på dagsrevyen på NRK? Jo, det var Tuvas blodklubb med hardingfelelagspel og fullt dansegulv! 

Det er ein særleg stor iver for dansen om dagen. Da er det godt å vite at årets arrangør av Landskappleiken har ei gjennomarbeidd programmering av eit stort og innhaldsrikt dansespelprogram. Så her blir det noko for alle! Og Landsfestivalen er jo i praksis eit heilskapleg og stort dansearrangement, med dans frå kl 10 kvar morgon til langt utover natta. Alle er velkomne - og som FolkOrg-medlem får du god pris på billettar.

Ellers viser kappleikspåmeldinga at årets Landskappleik blir ei stor mønstring. Startlistene ligg her. Og påmeldinga til Landsfestivalen på Oppdal er opna! Så her er det berre å melde seg på og bli med på dansefesten. I tillegg er det mange andre fantastisk flotte festivalar og arrangement å vere med på. Følg med på www.folkarr.no for å sjå om noko skjer der du er. 

Og til oss alle vil eg gjerne trekke fram noko av det statsråd Lubna Jaffery sa i sin kulturtale denne veka. For å drive med folkemusikk og folkedans er ikkje berre viktig for oss sjølv, i våre eigne liv. Dei opplevingane vi skapar for oss sjølv og andre har større meining enn det. Ho sa mellom anna dette: 

Og i år føltes det enda viktigere å kunne stå med kulturlivet og snakke om viktigheten av kultur og en sterk kulturpolitikk. Kulturen er ikke myke verdier. Det er en del av vår beredskap. I krevende tider trenger vi mer av det som binder oss sammen.

Juni er Pride-månad. Å feire Pride er å si at alle fortener å leve i samfunn som er rause, trygge og inkluderande – uansett kven dei er eller kven dei elskar. FolkOrg og folkemusikkmiljøet er eit romsleg og inkluderande felleskap der alle er velkomne. Dansen utover sommarnatta tek du med akkurat den du vil.

Ein gong skal eg danse ein vals med deg

ein angande sommarkveld

og du skal få vogge i takt med meg

når månen går bleik over fjell.

Med orda til diktaren Lisbet Lid Venås ynskjer vi alle ein riktig god sommar! 

Helsing Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg

 

MØTEPLASS FOR UNGDOM PÅ ÅRETS LANDSFESTIVAL

På årets landsfestival i Oppdal skal vi ha som satsing å legge litt ekstra tilrette for møteplassar for ungdom. Vi så heldige å få besøk av ein gjeng utanlandske ungdomar. FolkOrg og Oppdal spel- og dansarlag arrangerer ein såkalla MeetUp: Ein sosial møteplass med blant anna kræsjkurs i dans og andre kjekke aktivitetar for ungdom. Dette blir eit tilbod for ungdom både frå lokalområdet, frå miljøet elles, og dessutan dei som kjem frå rundt om i heile Europa.

Meet-upen er ein del av Erasmus+-programmet og støtta av Bufdir gjennom DiscoverEU – ei EU-satsing der 18-åringar kan få gratis interrailbillettar og møte ungdom på ulike MeetUps rundt om i heile Europa. 

BARN OG UNGE I FOLKORG

På landsmøtet vart det vedteke at FolkOrg skal ha eit fagutval for barn og unge. Dette skal ha møter ca fire gonger i året, og diskutere saker som gjeld barn og unge i organisasjonen vår. Det kan vere rekruttering, det kan vere møteplassar, osb. Fagutvalet skal vere rådgjevande organ for styret. Frå styret si side så er det Thomas Nilssen og Amalie Kinsarvik Tvilde som er i utvalet, og vi er ute etter tre andre som kan bidra. Så er du interessert i vere med, eller veit om nokon du tenkjer kan passe, meld di interesse her.

FOLKLEIARUNG

No er utlysinga av 5. runde med FolkLeiarUng er ute. Vi søkjer deltakarar mellom 15 og 25 år som ynskjer å lære meir om det å vere leiar og pedagog innan folkemusikk og folkedans, og som ynskjer å ta med erfaringene frå dette prosjektet vidare inn i noverande og framtidige spel- og dansarlag. Deltakarane får gjennom to helger i skuleåret inspirasjon og kunnskap om rolla som pedagog og danseleiar/musikalsk leiar. Mellom samlingshelgene får kvar deltakar oppfølgingsbesøk i sitt lag av ein av instruktørane. Instruktørar i prosjektet er Vegar Vårdal, Kristoffer Kleiveland, Ina Maria Cyrus og Anna Gjendem. Kjenner du nokon dette kan passe for? Meir informasjon og innsending av søknadsskjema finn du her. Søknadfristen er 28. august. 

ÅRETS FOLKELARMARTISTAR ER KLARE

Årets artistar vert lansert i desse dagar. Over 20 artistar er vald ut av over 160 søkjarar frå heile Norden. Folkelarm er både ein bransjetreff og festival. Det er ein møteplass for arrangørane og festivalane, og ein møteplass for alle som meir eller mindre har folkemusikk og folkedansen som leveveg. Det er også ein flott møteplass for alle som er interessert i folkemusikk og folkedans og som vil oppleve musikk og dans på høgt nivå! Det er dansefest kvar kveld, og årets gjæve prisutdeling innan folkemusikksjangeren, Folkelarmprisen, er på laurdagen. På sundag er det ein gratis barne- og familiedag: FolkelarmUng. 

Alle er velkomne, og som FolkOrg-medlem får du sjølvsagt god rabatt på billettar. Sjå alle dei utvalgte artistane inne på folkelarm.no

JUBILEUMSKVELD PÅ RØROS DEN 6. JUNI

FolkOrg fekk ein veldig hyggeleg mail for nokre veker sidan: 

Det er veldig hyggelig for oss å kunne tilby lag som er tilknyttet FolkOrg en medlemsfordel. Røros Folkfestival feirer sitt 10 års jubileum, og Glåmos spellmannslag feirer sitt 75 års jubileum den 6. juni. Vi håper dere vil feire med oss, og innbyr til storslått forestilling og dans med Småviltlaget. 
 
Hilsen styret for Folkemusikkscena på Røros.
 
Finn ut meir og bestill billett på nettsida til Røros Folkfestival. 
 
Ta kontakt på aslak@folkorg.no for å få promokode for redusert pris på billettkjøp. 
 

FAGUTVAL FOR YRKESUTØVARAR I FOLKORG

I FolkOrg har det vore eit fagutval for yrkesutøvarar i mange år, og skal kunne gje innspel og idear inn til styret. På styremøte den 27. mai bestemte styret at fagutvalet for perioden 2025 til 2027 skal vere Mattias Thedens, Tone Ingvaldsen, Camilla Granlien, Silje Risdal Liahagen (styremedlem) og Margrete Nordmoen (nestleiar i styret). 

Frå administrasjonen si side så er det den nye rådgjevaren vår, Hilde Fjerdingøy, som skal vere med som skrivar i utvalet. Hilde er rådgjevar for yrkesutøvarane i tillegg til å vere kommunikasjonsmedarbeider i organisasjonen.

Så om du har noko innspel eller idear du tenkjer at fagutvalet bør jobbe med eller formidle til styret, så sendar du det til hilde@folkorg.no, så tek ho det vidare til fagutvalet.

OPPSUMMERING LANDSMØTE I FOLKORG 2025 

Det var stort oppmøte og stort engasjement på årets landsmøte. Av det viktigaste som vart gjort var å vedta dei nye særskilte satsingane for organisasjonen dei neste to åra. Dei nyvedtekne satsingane kan du sjå i sin heilskap her inne på FolkOrg sine nettsider. Det var inspirasjonsseminar på fredag kveld med Tone Ingvaldsen og Torill Jørgensen om korleis drifte, inspirere og inkludere i lokallaga, det var eit lokallagsseminar laurdag morgon der deltakarane fekk ein gjennomgang om korleis skrive gode søknader - og kva for ordningar som finnes. Og det var ei panelsamtale med delar av arbeidsutvalet som har sett på framtida til Landskappleiken og Landsfestivalen med fokus på dei unge. Arbeidet til utvalet og rapporten deira kan du lese her. Og protokollen frå landsmøtet, med alle vedtaka, finn du her. Det nye styret i FolkOrg ser du her

ELDSJELPRISEN OG LOKALLAGSPRISEN FOR 2025

På landsmøtet annakvart år deler FolkOrg ut Eldsjelprisen og Lokallagprisen. Det er lokallaga og medlemane generelt som kjem med forslag om aktuelle kandidatar, og det er styret i FolkOrg som er jury for ordningane. FolkOrgs Eldsjelpris for 2025 gjekk til felespelar og pedagog Sturla Eide for sitt arbeid med rekruttering i regionen. FolkOrgs Lokallagspris gjekk i år til Lom spel- og dansarlag for sitt rekrutteringsarbeid og høge aktivitetsnivå. FolkOrg gratulerer! 

 
Foto Sturla Eide: Liv Annette Nygjerdet/FolkOrg. Foto Lom spel- og dansarlag: Thomas Westling

 

FOLKEMUSIKKEN OG FOLKEDANSENS DAG - EUROPEAN FOLK DAY - DEN 23. SEPTEMBER

FolkOrg er medlem av Europen Folk Network, som er eit folkemusikk- og folkedansfellesskap for organisasjonar rundt om i heile Europa. Ideen bak ein felles europeisk folkemusikk- og folkedansdag er å vise kor mange menneske over heile Europa som er involvert, på ein eller annan måte, i utøving av tradisjonell musikk og dans. Vi oppmodar alle våre lag og medlemar til å legge føre inn øvingar, konsertar eller andre arrangement som skjer rundt den 23.september i dette europeiske kartet over arrangement: https://www.europeanfolkday.eu/participate/ 

TILSKOTSORDNINGAR 

Årets Aktivitetstilskot hadde voldsomt oversøking. Det var mange veldig bra prosjekt, og vi vonar at tilskotet kan bidra til god gjennomføring. Den store oversøkinga gjorde at i år vart realiteten at mange gode prosjekt diverre fekk avslag. Slik måtte det bli, men vi vonar at ein større pott neste år vil gje tilslag til enda fleire prosjekt. Så det er berre å søke på ny da. Oversikt over årets tildelingar finn du på FolkOrg sine nettsider.

Vi har fått ei ny runde med ordninga Økt deltakelse i musikkorganisasjonene i 2025. Dette gjer at vi også i 2025 kan gje tilskot til lokallaga som kan støtte juniorar som vil reise og stille på LK og LF. Her er det altså lokallaga som må søke, og at dei igjen gjev støtte til den enkelte medlem. Meir info her. 

Allereie nå kan lokallag, områdelag og arrangørane sende inn søknad om MVA-kompensasjon. Jo tidlegare de sender inn jo betre er det. Det er enkelt å sende inn søknad. Grunnlaget for søknaden er rekneskapen for 2024, difor må signert rekneskap leggjast ved. Hugs at alle søkjarar må vere registrert i Frivillighetsregisteret. Meir info og søknadsskjema her.

DIVERSE INFO

I GNIST-appen og på nettsida www.gnist.styreweb.com ser du medlemsbeviset ditt, og finn sjølvsagt medlemsnummeret ditt her. Du kan også oppdatere epostadresse osv. Vi får ganske mange feilmeldingar ved utsending av epost til medlemmene våre, så fint om du kan gå gjennom og sjå at kontaktinfo er korrekt: Gå på meny-knappen oppe til venstre inne i appen (den med tre streker). Så trykker du på “Profil”, deretter oppdaterer du epost-adressa di. Jo fleire som gjer denne oppdateringa, jo betre for både oss sentralt, men også for lokallaga som også kan nytte StyreWeb til å sende ut meldingar.

Hugs at bladet Folkemusikk er det einaste magasinet som har einefokus på folkemusikk og folkedans, og som FolkOrg-medlem er det særs rimeleg å abonnere på bladet. Gå inn her for å tinge.

Det er også viktig at lokallagene legg inn styremedlemar i laget i Styreweb. På denne måten får vi i FolkOrg oversikt over kven vi skal ta kontakt med dersom det er noko, og at styremedlemmene får den riktige informasjonen og dei riktige invitasjonane.  

Det er viktig at dersom noko er feil på medlemskontingsentfakturaen du har fått, eller du har ynskje om å endre noko, så men gje beskjed til Jorun og ikkje berre endre sum ved innbetaling. Da kan vi få korrigert og sendt ut ny og endra faktura. Og er det slik at du mot formodning tenkjer å melde deg ut, så er det fint om du sender beskjed om utmelding slik at det ikkje berre blir liggjande ein ubetalt faktura. Alle henvendelser om medlemskap sendast til jorun@folkorg.no. 
 

Vi nyttar høvet og minnar om alle medlemsfordelane som du har ved å vere medlem i FolkOrg. Treng du tilgang til eit noteprogram? Ynskjer du å prøve The Folk Music Academy? Sjekk ut alle medlemsfordelene våre her her

Det er mykje som skjer framover, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Følg med på www.folkarr.no, der får du god oversikt.