LANDSKAPPLEIKEN PÅ GOL OG LANDSFESTIVALEN PÅ VESTNES
Landskappleiken var rekordstor og flott arrangert av Gol spel- og dansarlag, og Landsfestivalen på Vestnes vart ein stor suksess frå A til Å. Dette lover bra for neste års arrangement, som er i Eidfjord og i Oppdal. Alle resultatlister frå årets og tidlegare arrangement finn du her.
Seinare i haust lyser vi ut både LK og LK for 2027 og 2028. Utlysinga vert lagt ut på www.folkorg.no.
Framsidebilete vi bruker denne veka er av Strengjarhaugen spelmannslag (Ole Bull-studentane på Voss), under leiing av Vegar Vårdal, frå lagspeltevlinga under LF på Vestnes.
Årets kongepokal gjekk til vinnar i Vokal A på LK på Gol, Synnøve Brøndbo Plassen.
VIKTIGE SØKNADSFRISTER FOR LOKALLAGA
Det er mange måter for lokallaga å skaffe midlar og tilskot til drift og aktivitetar. FolkOrg har fleire, og nå utover hausten er det fleire viktige søknadsfrister.
Lokallaga kan søkje kompensasjon for deltakaravgift og evt. reiseutgifter/overnattingsutgifter til deltakande juniorar på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Søknadsfristen er 9.september. https://www.folkorg.no/kompensasjon-av-deltakaravgift-for-juniorar-paa-landsfestivalen.6678346-608946.html
Lokallaga kan søkje kompensasjon for deltakaravgift og evt. reiseutgifter/overnattingsutgifter til deltakande juniorar på Landskappleiken. Søknadsfristen er 9.september. https://www.folkorg.no/kompensasjon-av-deltakaravgift-for-juniorar-paa-landskappleiken.6673651-608946.html
Vi har også ei ordning der laga kan søkje om tilskot for å dekke utgifter med medlemsavgifter, kursavgifter, reiseutgifter osv for å senke terskelen for barn og unge for å delta i organisert aktivitet knytt til laget. Dette er ei ganske open ordning, og er ei særskilt for 2024. Inne på informasjonssida kan ein få tips og råd om kva ein kan søke tilskot til: https://www.folkorg.no/stoenad-til-senking-av-terskel-for-deltaking-barn-og-unge.6673641-608946.html
For alle som driv med jamne øvingar i spelmannslag og grupper eller i danselag, så kan laget - dersom medlem i FolkOrg - få såkalla opplæringsmidler. Dersom ein fyrst registrerer seg, så kan ein legge inn oppmøte etter kvar øving/samling, og ein vil jamt og trutt få små men kjære driftsmidler. Dette er også med på å registrere aktivitet i folkemusikken. Du finn meir informasjon her: https://www.musikkensstudieforbund.no/om-vare-tilskudd/omvaretilskudd Det er veldig lurt at de registrerer dykk nå ved oppstart av nytt halvår - om de ikkje allereie er i systemet.
FolkOrg har fått rekordstor pott til å dele ut i ordninga Frifond Organisasjon, der ein kan søke om både driftsmidlar og aktivitetsmidlar. Denne ordninga vert lyst ut no snart, med frist 15. oktober.
Søk i veg!
FOLKEMUSIKK- OG FOLKEDANSENS DAG 23. SEPTEMBER
Den 23. september er det folkemusikken- og folkedansens dag i heile Europa: EUROPEAN FOLK DAY. Det håpar vi sjølvsagt at alle vil vere med og markere! La oss vise heile Europa at det skjer mykje i miljøet vårt rundt om i heile landet. Jo fleire punkter vi får med på Norge på det store Europa-kartet, jo betre er det. Alle spel-, song- og danseaktivitetane (øvingar, konsertar, dansekveldar mm) i datoane rundt 23. september kan leggast inn i kalenderen: https://www.europeanfolkday.eu/participate/ Bruk gjerne EUROPEAN FOLK DAY til å skape litt blest om eigen aktivitet ut mot lokalpresse og ikkje minst i SOME.
LOKALLAGSKAFFI
FolkOrg ønsker å skapa eit tettare samarbeid og dialog mellom sentralleddet og lokallaga i FolkOrg, og inviterer no til ein ny runde med digital lokallagskaffi. På lokallagskaffien ønskjer vi å høyre om korleis det står til rundt omkring i lokallaga, og vi vil òg nytte høve til å informere om nyhende og aktuelle tema for lokallaga.
Lokallagskaffi vil foregå på Teams der vi sjølv tek med oss kvar vår kaffikopp og pratar uformelt om ulike tema. Vi vonar at dette kan bli eit forum kor styremedlemmar, og medlemmar forøvrig, kan møte kvarandre og dele erfaringar.
Datoer for haustens lokallagskaffi:
Torsdag 12. september kl. 19.30
Onsdag 16. oktober kl. 17.00
Onsdag 6. november kl. 19.30
INTROFOLK 2024
FolkOrg har arbeidd lenge for at vi skal få til Introfolk igjen nå i 2024. Og vi har klart å få både Sparebankstiftinga og Talent Norge til å bli med på laget! Introfolk er eit mentor- og lanseringsprosjekt der seks utvalgte unge folkemusikkartistar skal arbeide i løpet av hausten for å bli enda betre og tryggare artistar. Dei skal møtast og ha mentorering ogaktivitetar på Voss i forkant av Osafestivalen, og avslutte desse dagane med ein Introkonsert. Frå denne vert tre valgt ut som skal vere med på Introfolk-finale torsdag under Folkelarm. Frå finala vel ein jury ut Årets Unge folkemusikar 2024. Meir informasjon om Introfolk og om dei seks utvalgte finn de på folkelarm sine sider.
OsloP-TALENT
I samarbeid med Riksscenen, og tilskot frå både Folkemusikk Innlandet og Senter for folkemusikk og folkedans, så har vi satt i gang eit talentprogram for unge dansarar frå vanlegfeleområdet. Dette gjer vi knytt til OsloP-festivalen i september på Riksscenen. For fyrste gong på mange mange år var det ingen deltakarar i dans fele klasse C på Landskappleiken, så vi ser tydeleg at det er få utøvarar og aktive ungdom som dansar. Dette ynskjer vi å gjere noko med, og vi håpar at med OsloP-talent så kan vi vere med å motivere og engasjere ein del unge dansarar, som vidare kan motiver andre igjen til å bli med å danse folkedans. I år er det med rundt 15 ungdomar frå ulike tradisjonsområde i vanlegfeleområdet med på OsloP-talent. OsloP-festivalen går for seg frå 4. til 8. september i Oslo, og programmet finn de på Riksscenen sine heimesider.
FOLKELARM 2024
Det nærmar seg festivalen og bransjetreffet Folkelarm på Riksscenen i Oslo. Vi håpar mange kjem i år også! Dette er eit viktig samlingspunkt for arrangørar, artistar og publikum, og målet er å få til gode seminarer for bransjefolket, kode kurs og workshops for artistar, og ikkje minst eit flott konsertprogram for både publikum og bransje. Det er dansefest i fleire lokalar kvar kveld på Folkelarm. Årets Folkelarmpris blir større enn nokon gong med fleire priskategoriar. Folkelarmpris-utdelinga er laurdag under Folkelarm. Meir om program, kjøp av billettar, artistar, seminarar osv finn du på www.folkelarm.no.
Nytt av året er at vi har ein dag for barn- og familiar søndagen på Folkelarm. Her blir det tre flotte barneforestillingar samt andre morsomme aktivitetar for barn.
GNIST-APPEN OG OPPDATERING AV EPOST-ADRESSER
Vi får ganske mange feilmeldingar ved utsending av epost til medlemane våre. Dette heng ofte saman med at epostadressa ikkje er oppdaterte hjå dei enkelte. Dette kan du som medlem lett gjere sjølv inne i GNIST-appen. Gå på meny-knappen oppe til venstre inne i appen (den med tre streker). Så trykker du på “Profil”, deretter oppdaterer du epost-adressa di. Jo fleire som gjer denne oppdateringa, jo betre for både oss sentralt, men også for lokallaga som også kan nytte styreweb til å sende ut meldingar.
TONO
Det kjem framleis mange spørsmål knytt til TONO og korleis lokallag - som arrangør av konsertar og opne dansefestar må forhalde seg til TONO. I følgande film har dagleg leiar, Aslak Brimi, prøvd å gjere litt greie for litt om når og korleis lokallaga må forhalde seg til TONO. Dette finn du her.
I løpet av september kjem vi med ein søknadsportal der lokallaga kan søke om å få kompensert alle TONO-utgiftene sine. Dette er ei medlemsgode for laga i FolkOrg.
ELI STORBEKKEN NYTT HEIDERSMEDLEM I FOLKORG
Sundag 30. juni 2024 vart Eli Storbekken utnemnd til nytt heidersmedlem i FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Utnemninga skjedde i ein fullsett idrettshall under Meisterkonserten på Landskappleiken på Gol.
Eli Storbekken har vore ei viktig kjelde for veldig mange. Hennar formidlingsevne er stor, og ho har undervist mange barn, unge og vaksen i vokal folkemusikk. Frå tidleg i tenåra reiste ho med far sin og opptredde på konsertar i inn- og utland. Sidan det har ho vore på ei musikalske reise der ho har formidla, foredla og utvikla den tradisjonelle songskatten – dei tidlause tonane – dei små lokkane og stubbane, spenstige skillingsviser og vakre balladar.
GNISTPRISEN 2024 TIL GAULAR SPELMANNSLAG
Gnist-prisen vart oppretta våren 2017, og er gjeven av Gnistfonden for unge, ved Eva Fisher. Dette er ein pris som vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge. Gnist-prisen på 15 000 kr har som formål å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans.
Gnist-prisen delast ut på Landskappleiken, og vart i år delt ut i samband med Meisterkonserten i ein fullsett idrettsarena på Gol. Det var Mari Andrea Ness som tok i mot prisen på vegne av Gaular spelmannslag.
SMÅNYTT SIDAN SIST
FolkOrg var på Arendalsuke i lag med Arrangerforum. Der hadde vi ein debatt som såg på kultur som ei god og lønsam investering. Mellom anna var Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery med på debatten.
Landsmøtet for FolkOrg i 2025 blir helga 25.-27. april i Oslo. Set av datoen allereie nå.
Kjellbjørn Karsrud starta frå 1. august opp som redaktør i Folkemusikk. Septemberutgåva av bladet kjem litt seinare enn vanleg, så veit de det. Følg ellers med det som skjer inne på folkemusikk.no.
Og til dei som ikkje har sett det før, så ligg årsmeldingane for FolkOrg ute her. Der ligg også det ganske omfattane årsmeldinga frå jubileumsåret 2023. Denne årsmeldinga vil bli gjennomgått på Landsmøtet i 2025.
Vi i FolkOrg er der for å rådgje og vegleie både enkeltmedlemar og lokallaga. Ta kontakt om det er noko. Kontaktinfo finn du her.
Ha ein god haust alle saman.
Helsing alle oss i FolkOrg.