Oktober er nok av dei mest innhaldsrike i FolkOrg sitt årshjul. Ein ting er sjølvsagt dei mange førebuingane inn mot Folkelarm. Det er også mange andre arrangement rundt om i landet, og vi prøver å vere tilstades her og der. I år var vi på Osafestivalen der Introfolk hadde sin fyrste konsert. Og så er FolkOrg alltid representert på verdens største messe for tradisjonsmusikk, Womex, som i år var i Manchester. Men viktigast av alt er truleg det politiske arbeidet som har eit momentum i oktober knytt til statsbudsjettet. FolkOrg er i høyring i både Familie- og kulturkomiteen og i Utenriks- og forsvarskomiteen. I tillegg arrangerer vi kulturdebatt om statsbudsjettet i lag med Arrangørforum, der mellom andre statsråden er med.
Det er gjennom slikt arbeid vi sidan sist oktober har fått overbevist statsråden og resten av kulturkomiteen om at FolkOrg skulle få ei auke i tilskot frå og med 2025. Det er fantastisk gledeleg! Denne auka i tilskot skal brukast til arbeid knytt til Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Det gjer altså at vi kan auke ressursbruken inn mot desse arrangementa, og dermed ha ei enda betre vegleiings- og støttefunksjonsrolle opp mot lokal arrangør. Vi ynskjer at Landskappleiken og Landsfestivalen skal vere robuste og inkluderande arrangement for framtida.
Og kva er vel da betre enn å lyse ut desse arrangementa for dei neste åra…
KVEN VIL ARRANGERE I 2027, 2028 og 2029?
Ingen hadde nok sett for seg at årets to arrangement skulle gje så store overskot som det vart på Gol og Vestnes. Det var gode arrangement med dyktige hovudkomitear, det var godt med folk og stor deltaking. Og ikkje minst mykje dans samt fokus barn og unge. Alt dette skal vi dyrke vidare! Både Landskappleiken og Landsfestivalen skal vere gode møteplassar for song, spel og dans, det skal vere mønstring og tevling, og det skal vere MYKJE sosial dans. Dansefesten skal stå i høgsetet.
Nå har FolkOrg lyst ut desse arrangementa for 2027, 2028 og 2029. Er ditt lokallag ein aktuell arrangør? Sjå meir info her.
NY REDAKTØR - NYE VINKLINGAR - NYTT INNHALD
STØNADSORDNINGAR FOR LOKALLAGA
Vi ser at det er fleire og fleire lag som nyttar seg av dei mange tilskotsordningane som finnes. Særleg i september og oktober har det nå vore mange, og vi vonar også mange søkte på Norsk musikkråd si ordning som hadde frist 1. november. Utlysinga for ny runde med rekrutteringsmidler frå Dextra Musica ligg allereie ute med søknadsfriste 31. januar 2025. Etter det kjem FolkOrg sitt Aktivitetstilskot, denne ordninga har søknadsfrist 15. april 2025. Følg med jamt og trutt inne på nettsidene til FolkOrg her for info om dei ulike støtteordningane. Under Landsmøtet 2025 kjem vi til å ha eitt seminar/kurs med fokus på søknadsskriving.
LOKALLAGSKAFFI
FolkOrg ønsker å skapa eit tettare samarbeid og dialog mellom sentralleddet og lokallaga i FolkOrg, Vi inviterer no til ei ny runde med digital lokallagskaffi. På lokallagskaffien ønskjer vi å høyre om korleis det står til rundt omkring i lokallaga, og vi vil òg nytte høve til å informere om nyhende og aktuelle tema for lokallaga.
Lokallagskaffi foregår på Teams der vi sjølv tek med oss kvar vår kaffikopp og pratar uformelt om ulike tema. Vi ynskjer at dette skal vere eit forum kor styremedlemmar, og medlemmar forøvrig, kan møte kvarandre og dele erfaringar.
Siste lokallagskaffi denne hausten er allereie onsdag 6. november kl. 19.30. Her vil Gro Marie Svidal informere om korleis skrive god søknad. Presentasjonen vil fokusere på søknadar til støtteordningar som lokallag kan søkje på, her kan ein altså få god kunnskap om korleis ein kan styrke søknaden sin og auke sjansane for å få tilsegn. Meir info om lokallagskaffi finn du her.
FOLKELARM 2024
Nå nærmar Folkelarm seg!. Årets versjon av festivalen er stappfull av musikalske høgdepunkt og gode seminar. Vi håpar mange kjem i år også! Dette er eit viktig samlingspunkt for arrangørar, artistar og publikum, og målet er å få til gode seminarer for bransjefolket, kode kurs og workshops for artistar, og ikkje minst eit flott konsertprogram for både publikum og bransje. Det er sjølvsagt dansefest i fleire lokalar kvar kveld på Folkelarm.
Årets versjon av Folkelarmprisen er laurdag 16. november kl 17, og blir større enn nokon gong med fleire priskategoriar. Dei nominerte vart offentleggjort på onsdag denne veka. Prisutdelinga blir i år leia av Tuva Syvertsen og Sivert Holmen. Dersom du vil lytte til musikken som er nominert kan du sjekke ut denne spillelisten på Spotify.
Nytt av året er at vi har ein dag for barn- og familiar søndagen på Folkelarm. Her blir det tre flotte barneforestillingar samt andre morsomme aktivitetar for barn.
Under Folkelarm har FolkOrg med støtte frå Dextra Musica også sitt årlege rekrutteringsseminar. Dette er ein viktig møteplass for lokallag som driv med - eller ønsker å drive med - rekrutteringsarbeid på folkemusikk- og folkedansfeltet. Meir om årets seminar finn du her.
Meir om program, kjøp av billettar, artistar, seminarar osv finn du på www.folkelarm.no. Vi minnar også om at alle FolkOrg-medlemmer får ekstra god pris på inngangspass på Folkelarm:)
INTROFOLK 2024
FolkOrg har arbeidd lenge for at vi skal få til Introfolk igjen nå i 2024, og etterkvart fekk vi med både Sparebankstiftinga og Talent Norge på laget! Introfolk er eit mentor- og lanseringsprosjekt der seks utvalgte unge folkemusikkartistar skal arbeide i løpet av hausten for å bli enda betre og tryggare artistar. Seks artistar vart valgt ut, og møttest for mentorering og aktivitetar på Voss i forkant av Osafestivalen. Dagane vart avslutta med med ein Introkonsert der ein jury valgte ut tre artistar til å gå vidare til finalen under Folkelarm torsdag 14. november kl 20. Årets finalister er Åsmund A. Farstad, Amalie K. Tvilde og Martin Steinum Brun. Vinnar av årets Introfolk og som får utnemninga Årets unge folkemusiker, blir offentliggjort under Folkelarmprisen 2024. Meir om Introfolk på Folkelarm sine sider.
GNIST-APPEN OG OPPDATERING AV EPOST-ADRESSER
Vi får ganske mange feilmeldingar ved utsending av epost til medlemane våre. Dette heng ofte saman med at epostadressa ikkje er oppdaterte hjå dei enkelte. Dette kan du som medlem lett gjere sjølv inne i GNIST-appen. Gå på meny-knappen oppe til venstre inne i appen (den med tre streker). Så trykker du på “Profil”, deretter oppdaterer du epost-adressa di. Jo fleire som gjer denne oppdateringa, jo betre for både oss sentralt, men også for lokallaga som også kan nytte StyreWeb til å sende ut meldingar.
SMÅNYTT SIDAN SIST
FolkOrg arrangerte i lag med resten av Arrangørforum ein debatt om kulturbudsjettet. Sjølvaste statsråden Lubna Jaffery var tilstades ilag med andre politakar frå familie- og kulturkomiteen på stortinget.
Landsmøtet for FolkOrg i 2025 blir helga 25.-27. april i Oslo. Meir info om dette finn du her. Siste frist for å kome med saker til landsmøtet 2025 er 15. januar.
Og til dei som ikkje har sett det før, så ligg årsmeldingane for FolkOrg ute her. Der ligg også det ganske omfattane årsmeldinga frå jubileumsåret 2023. Denne årsmeldinga vil bli gjennomgått på Landsmøtet i 2025.
Vi i FolkOrg er der for å rådgje og vegleie både enkeltmedlemar og lokallaga. Ta kontakt om det er noko. Kontaktinfo finn du her.
Ha ein fortsatt god haust alle saman.
Helsing alle oss i FolkOrg.