Lokallag, områdelag og aksjeselskap søkte i august 2021 om momskompensasjon med grunnlag i årsrekneskapet 2020 gjennom FolkOrg.

16. desember 2021 kom fordelinga av momskompensasjon fra Lotteri- og stiftelsestilsynet. FolkOrg sine områdelag, lokallag og eitt aksjeselskap fekk til saman kr. 464 131, fordelt på 37 lag og selskap. FolkOrg, som sentralledd, fekk kr. 528 692.

Frist for å søkje momskompensasjon er vanlegvis i august kvart år. Dato for søknadsfrist i 2022 kjem i løpet av våren.

VIKTIG!
Vi ser at det framleis er lag som ikkje er registrert i Frivilligregisteret. Vi gjer merksam på at det i ny forskrift av 2019 er eit krav om at alle mottakarar, også underledd og aksjeselskap, skal vere registrert i Frivillighetsregisteret.
 

MOMSKOMPENSASJON 2021

Her kan du sjå tildelinga for 2021 (pdf-fil)