Norge er partnarland under Showcase Scotland i Glasgow 2024. Showcase Scotland er eit bransjetreff og ein del av Celtic Connections Festival Glasgow’s årlege folk, roots og world music festival.

Desse seks utvalte artistane får ei unik sjanse til å vise seg fram framom 200 av dei viktigaste bookarane og bransjepersonane i Europa. Samstundes får dei spele konsert på Celtic Connections som går parallelt med Showcase Scotland, og er ein av dei største folkemusikkfestivalane i Europa med over 130 000 publikummarar over 18 dagar.

Artistane er valt ut via søknad og juryering, og til sist gjennom eit nålauge hos erfarne produsentar hos showcase Scotland. Dei seks utvalgte frå Noreg er:

Showcase, konsertar, messe og mottakelse

Showcase Scotland er Europas største bransjetreff for folk, roots og verdensmusikk, og arrangerast parallelt med Celtic Connection i Glasgow. Showcase Scotland inngår kvart år parnerlandavtaler, i 2024 er Norge partnar. Partnarlandene får fleire moglegheiter til å presentere seg og sine artistar.

Fredag 26 fra kl. 10:00 – 14:00 vil den norske delegasjonen bestående av representanter fra FolkOrg, Music Norway, UD, ambassaden og dei norske artistane ha ein norsk stand på den årlege messa som arrangerast under showcase Scotland.

Som partnarland får Norge ei unik moglegheit til å vise fram seks artistar for eit interessert, kunnskapsrikt og ei nysgjerrig musikkbransje under ein eigen norsk showcase fredag 26. januar kl. 15:00. Denne showcasen er eit lukka arrangement, der Showcase Scotland handplukker 180 – 200 delegatar.

Under denne mottakelsen vil statssekretær Even Alexander Hagen delta og ynskje dei internasjonale delegatane velkomne. Hans skotske kollega Christina McKelvie, Minister for Culture, Europe and International Development, vil også vere tilstades.

Etter velkomsttalene er det artistane som står i fokus, og skal presenterast både på skjerm og scene for eit internasjonalt bransjepublikum frå hele verden.

Mottakelsen arrangerast av Music Norway, FolkOrg i samarbeid med den norske ambassaden i London og konsulatet i Edinburgh. Den norske delegasjonen som er til stades i Glasgow har som fokus å tilrettelegge for artistane og hjelpe til med å oppnå bookingar til festivalar internasjonalt og god medieomtale. Den norske delegasjonen vil i tillegg til administrasjon i FolkOrg og Music Norway bestå av agentar, managere, mentorar og journalistar.

 

I tillegg til showcasen på Showcase Scotland, vil alle artistane spele ein konsert på Celtic Connections i tidsrommet 24. – 17. januar.

Konserttidspunkt for dei ulike norske artistane er:

Celtic Connections er ein av dei største og flottaste folkemusikkfestivalane i verda, så det anbefalast å ta seg ein tur. Særleg er det jo stas om mange tek turen i år når det står mange norske artistar på scenene. Ta ein titt på programmet til Celtic Connections her.

 

Gangar__fotoAndersLillebo

Gangar er ein av artistane som skal til Glasgow i januar. Her frå Folkelarm i 2022. Foto: Anders Lillebo

Erlend Viken trio  Foto Anders Lillebo

Erlend Viken trio er ein av artistane som skal til Glasgow i januar. Her frå Folkelarm i 2022. Foto: Anders Lillebo