FolkOrg har sidan 2017 fått tildelt over 4,3 millionar av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica. Midlane har gått til ei stor rekrutteringssatsing innan folkemusikk og folkedans i Noreg, og så langt har i alt 16 større rekrutteringsprosjekt over heile landet fått stønad. No vidareførast stønaden med heile 5,4 millionar for dei tre kommande åra.

Den nye treårige tildelinga gjer at organisasjonen kan støtte oppom dei allereie eksisterande prosjekta, samt gi nye prosjekt eit føreseieleg grunnlag for langsiktig arbeid. Nytt i år er at ein del av midlane skal gå til eit program for å stimulere til rekruttering og skolering av unge, framtidige musikalske leirar. Prosjektet siktar på å gi deltakarane fagleg og musikalsk utvikling, kor musikalsk leiing står i fokus. Målet er å inspirere og motivere unge, lovande musikarar til å halde fram med musikken og bidra til å halde dei lokale miljøa levande.

Det er viktig for oss å vere med på å synleggjere det viktige arbeidet som blir gjort på rekruttering til folkemusikken og folkedansen. Det er no den verkelege utfordringa kjem i at rekrutteringsprosjekta er levedyktige på eigne bein, og nye kjem til. Vi gler oss til å følgje denne satsinga framover, seier prosjektansvarleg i Dextra Musica og Sparebankstiftelsen DNB Eline Moe Melgalvis.


Eline Moe Melgalvis og Hilde Reitan
Foto: Liv Annette Nygjerdet/FolkOrg

For ei stor og gledeleg overrasking! Vi er svært takksame for at Dextra Musica ser verdien av det viktige rekrutteringsarbeidet som vert lagt ned blant medlemslaga i FolkOrg  for å ta vare på og vidareføre kulturarven vår. Eg er så imponert over Sparebankstiftelsen v/Dextra Musica, som gjennom dei rause tildelingane til kulturfeltet tek eit stort samfunnsansvar. At Dextra Musica i tillegg ønskjer å gje støtte til eit program for å stimulere til rekruttering og skolering av unge framtidige musikalske leiarar, gjer det ekstra stas i år, seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan

FolkOrg gler seg over at endå fleire born og unge kan få moglegheit til å delta i aktivitetar som er knytt til folkemusikk og folkedans. Vi ser fram til å arbeide saman med laga våre med å løfte feltet ytterlegare i åra som kjem og på sikt gjere prosjekta levedyktige på eigenhand.

 

Nye millionar til folkemusikken!
Eline Moe Melgalvis frå Dextra Musica, saman med styret i FolkOrg
Foto: Liv Annette Nygjerdet/FolkOrg