FolkOrg har i 2023 fått tildelt 4 980 000 frå Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica, til vidare satsing på rekrutteringsarbeid. Denne tildelinga skal nyttast til å stø opp om rekrutteringsprosjekt rundt om i landet, og bidreg også til vidareføring av arbeidet med Folk Leiar Ung.

Støtte for tre nye år
FolkOrg har sidan 2017 fått tildelt over 9, 7 millionar av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica. Midlane har gått til ei stor rekrutteringssatsing innan folkemusikk og folkedans i Noreg, og så langt har i alt 23 større rekrutteringsprosjekt over heile landet fått stønad. No vidareførast stønaden med heile 4,9 millionar for dei tre kommande åra, i perioden 2024 – 2026.

Denne treårige tildelinga gjer at organisasjonen kan støtte oppom dei allereie eksisterande prosjekta, samt gi nye prosjekt eit føreseieleg grunnlag for langsiktig arbeid.

FolkOrg gler seg over at endå fleire born og unge kan få moglegheit til å delta i aktivitetar som er knytt til folkemusikk og folkedans. Vi ser fram til å arbeide saman med laga våre med å løfte feltet ytterlegare i åra som kjem og på sikt gjere prosjekta levedyktige på eigenhand.

Lenkje til søknadsskjema finnast nedst i denne artikkelen.

FolkLeiarUng – folkedans
Ein del av tildelinga skal gå til prosjektet FolkLeiarUng. Dette prosjektet starta opp hausten 2021 og er eit tilbod til unge folkemusikarar som ynskjer å utforske rolla som musikalsk leiar. Målet er å inspirere og motivere unge, lovande musikarar til å halde fram med musikken, samt hjelpe dei lokale laga med å tilby eit inspirerande miljø for sine medlemmar. Nytt for årets tildeling er at FolkLeiarUng blir utvida med eit tilsvarande prosjekt for folkedansarar. Neste søknadsrunde på FolkLeiarUng er til våren, med oppstart hausten 2024.

Det er svært gledeleg at vi no kan tilby dette prosjektet også til folkedansarar. Oppstarten av FolkLeiarUng har vore svært vellukka, med gode tilbakemeldingar og lovord frå både deltakarar og instruktørar. Vi er glade for at vi får moglegheit til å vidareføre og utvikle prosjektet, seier styreleiar i FolkOrg Hilde Reitan.

 

Dette er rekrutteringsprosjekta som til no har fått stønad i eit eller fleire år:

Bølingen ved Akershus Musikkråd (Oslo og Akershus)
FolkemusikkUNG (Valdres)
FolkRekrutt (Gudbrandsdalen)
Fuglen ved Ryfylkemuseet (Stavanger)
Arvtakerne ved Scenekunstverket ved Skankegården AS (Porsanger)
Morgondagens spelemenn (Bergen)
Nøringen (Voss/Hardanger)
Raudan Gull (Møre og Romsdal)
SPREK! ved Hedmark Folkemusikklag
TØFT (Sogn og Fjordane)
Ung Halling (Hallingdal)

Spelemannslaget Laust og Fast (Midt – Norge)
Kulturverkstad:FOLK ved Kalottspel (Målselv)
Gorrlaus ved Setesdal Spelemannslag (Agder)
Folk-verksted Buskerud (Buskerud)
OsterFolk (Vestland)
TrønderTakt (Trøndelag)
Polsdans mot Bodø 2024 (Nordland)
Folkedans for barn med minoritetsbakgrunn (Midt-Telemark)
Lausdans og Hallingkast (Hardanger)
HardingFolk (Hardanger)
UngFolk Gjøvik
Tragder (Aust-Agder)
JUBELfolk (Oslo)
Bygdedans i skulen (Indre Sunnfjord)

 

Utlysing av rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica for 2024

For åttande året på rad lyser vi ut rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica. Midlane skal gå til større rekrutteringsprosjekt for born og unge innan folkemusikk og folkedans. Søknadsfristen var 31. januar 2024.