Endringane er vedtatt av styret i FolkOrg i desember 2024

Å vere dommar i ei musikktevling vil alltid innebære å bruke så fagleg skjønn. For å få til dette så treng vi så godt reglement som mogleg. Det skal vere rettferdig, balansert og tydeleg. FolkOrg har eit stort ansvar for å ha så gode og oppdaterte reglement som mogleg slik at alle som deltek, og alle som dømer, har dei beste forutsetningar for å gjere sitt beste. Reglementet skal ha minst mogleg tvetydigheit, men på same tid ha rom for at folk føler seg velkomne til å delta. 

FolkOrg arrangerer dommarseminar annakvart år. Neste dommarseminar blir vinteren 2026. Frå og med 2024 har FolkOrg også hatt ei forskrift - “Utfyllande notat om forståing og praktisering av tevlingsreglementet” - som skal vere litt meir utdjupande og forklarande der vi ser at tevlingsreglementet treng å ha litt rom for tolking. 

Fylgjande endringar i tevlingsreglementet er gjeldande frå og med 2025:

Endringar i tevlingsreglementet for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk

  • I lagdans junior kan ein no stille med minimum tre dansepar eller tre hallingdansarar. I lagdans senior gjeld same regel som tidlegare, med minimum fem dansepar eller fem hallingdansarar (kapitel 13 og 20 Tevling i dans).

Kommentar: Målet med denne endringa er å senke terskelen for deltaking blant juniorar. Lokalkappleikar som Vestlandskappleiken har allereie hatt gode erfaringar med dette.

  • Vi ønsker også å minne deltakarane på Landskappleiken og Landsfestivalen om regelen om at ein ikkje kan nytte noter i tevlingane. Dette vart vedtatt i desember 2022 (kapitel 11 og 19 Tevling i spel).

Endringar i tevlingsreglementet for Landskappleiken 

  • I pardans kan ein som er 18 år eller yngre stille i B-klassa dersom dansepartnar er over 18 år (kapitel 10. Klasseinndeling på Landskappleiken). 

Kommentar: Denne regelen blir allereie praktisert og vi ser difor behovet for å presisere det i tevlingsreglementet. FolkOrg ønsker at C-klassingar dansar i C-klassa så lenge dei kan, men tillet deltaking i B-klassa dersom det må til for å kunne delta.

Endringar i tevlingsreglementet for Landsfestivalen 

  • Frå 2025 blir det tre dommarar i alle klassar (kapitel 19 Tevling i spel).

Kommentar: Denne endringa kjem av at det i følgje tevlingsreglementet ikkje er krav om at deltakarane må stille med komp i nokon klassar. I klassane kor det tidlegare har vore ein eigen komp-dommar, skal kompkompetansa vere godt ivaretatt blant dei øvrige dommarane. I tillegg er det veldig krevjande å få på plass dommarpanel på fire personar, og ein ser at godt samansette dommarpanel på tre vil vere ei meir bærekraftig ordning i åra framover.

  • Grupper, lag og samspel senior spelar fire slåttar til dans i finalen, i tillegg til ein lydprøve-slått på opp til 30 sekund. (kapitel 21. Finalar i spel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk) 

Kommentar: Stor påmelding og mange klassar fører til lange finalekveldar. Dette er eit tiltak for å korte ned på finalane, med omsyn til både deltakarar og dommarar og for å gjere plass til anna dansespel under arrangementet. Deltakarane har alt spelt i kvalifiseringa og lydteknikarar seier at det ikkje er naudsynt med lange lydprøver i finalane. 

  • Melodiar brukt i kvalifiseringa kan ikkje nyttast i finalespelet i seniorklassane. I juniorklassane kan deltakarane nytte same repertoar i både kvalifisering og finale (kapitel 21 Finalar i spel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk).

Kommentar: Sidan det no skal spelast berre 4 slåttar i finalen, vil utøvarane få vist fram meir frå sitt reportoar ved å ikkje spele same slåttar som i kvalifieringa. 

Her kan du lese det oppdaterte tevlingsreglementet: Tevlingsreglementet revider 05. desember 2024

Ny standard for deltakaravgifter

Deltakaravgiftene på Landskappleiken og Landsfestivalen går i sin heilheit til lokal arrangør og er ei viktig inntek for arrangørane. Fram til no har påmeldingsavgiftene vore gradert ulikt, noko som har ført til at det har vorte stor skilnad mellom arrangementa. Landskappleiken har i fleire år hatt vesentleg større inntekt per deltakar enn Landsfestivalen.

FolkOrg ynskjer å sikre at Landskappleiken og Landsfestivalen har eit føreseieleg og rettferdig prisnivå. Difor har styret i FolkOrg vedteke å samkøyre deltakaravgiftene for arrangementa. Frå 2025 vil det framleis vere gradert påmeldingsavgift, men det blir ikkje lenger gratis påmelding frå og med tredje påmelding på Landsfestivalen. Meir informasjon om påmelding og påmeldingsavgifter blir publisert på nettsidene til arrangementa nærmare påmeldingsstart. 

Påmeldinga til Landskappleiken 2025 opnar 1. april
Påmeldinga til Landsfestivalen 2025 opnar 21. mai