FolkOrg har sidan 2017 delt ut midlar til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Midlane er gjeve av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica. Den siste tidelinga kom våren 2020, då FolkOrg fekk tildelt midlar for tre nye år (2024-2026).

Det kan søkjast støtte til både nye og eksisterande rekrutteringsprosjekt for born og unge innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Det er krav om ein viss storleik på prosjekta. Vi oppmodar søkjarane til å tenkje kreativt og nyskapande og om å skape prosjekt som samarbeider med ulike aktørar på feltet.

Kva kan det søkjast støtte til?
Det kan søkjast støtte til både nye og eksisterande rekrutteringsprosjekt for born og unge innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Det er krav om ein viss storleik og lengde på prosjekta. Vi oppmodar søkjarane til å tenkje kreativt og nyskapande. Skap gjerne prosjekt som samarbeider med ulike aktørar på feltet.

Eit av hovudmåla med denne stønadsordninga er å hjelpe i gang solide rekrutteringsprosjekt som fører til varige tilbod. Prosjekta det søkjast midlar til må difor ha ein tydeleg intensjon om langvarig aktivitet og ein plan for vidare drift etter at stønaden frå FolkOrg er avslutta. Det er til dømes positivt om prosjektet viser til fleire økonomiske bidragsytarar og at det blir lagt fram ein plan for korleis de vil jobbe for å sikre vidare finansiering etter at stønaden frå FolkOrg og Dextra Musica er avslutta.
Det er ingen krav til bruk av profesjonelle aktørar, men det er ønskeleg at prosjektet knyter til seg dyktige instruktørar, gode førebilete og eldsjeler.

Vi ønsker at prosjekta har ei god skildring av korleis dansen og musikken kan gå hand i hand i opplæringa. Vidare ønsker vi ei skildring av dei ulike opplæringsarenaene som er tenkt nytta. Vi oppmodar om å tenkje på tvers av generasjonar og nytte møteplassar for dans og dansespel for unge og eldre.

Det kan søkjast om stønad for eit år om gongen, og søkjaren vel sjølv om de følgjer kalenderåret eller skuleåret. Dersom eit prosjekt kan vise til godt gjennomført prosjektår, vil prosjektet bli prioritert i neste års tildeling. Dette blir gjort for å skapa ei føreseieleg utvikling for prosjekta. Stønaden vil deretter gradvis bli trappa ned, og FolkOrg forventar at prosjekta frå starten av jobbar målretta for å sikre vidare finansiering etter at stønaden frå FolkOrg og Dextra Musica er avslutta.

Det kan ikkje søkjast om støtte til: 
- Ordinær drift/øvingar
- Enkeltarrangement

Korleis kan ein søkje?
Ordninga vert lyst ut i oktober kvar år med frist i januar. Søknad sendast gjennom eige skjema
på FolkOrg si nettside. 

Når er søknadsfristen?
Søknadsfristen er 1. februar kvart år.

For spørsmål om ordninga, ta kontakt med Live Visdal, live@folkorg.no